Hopp til hovedinnhold

Utleige

Vil du leige Krone kafé eller Kveldheim selskapslokale? Vi leiger ut lokalet til mindre og større selskap, konfirmasjonar og bryllaup.

  • Tomt kafélokale med bord og stolar
    1/5
    Trond Isaksen /Riksantikvaren
  • Bygda Salhus utanfor Bergen, med den tidlegare tekstilfabrikken Salhus Tricotagefabrik sett frå sjøen.
    2/5
    Salhus Tricotagefabrik sett frå sjøen. Helge Sunde
  • to kvinner i kafélokale
    3/5
    Tove Lise Mossestad
  • rykande kaffikopp i vindaugskarm med vindusblad (Monstera)
    4/5
    Tove Lise Mossestad
  • kafélokale med gjestar, stolar og bord, store fabrikkvindauge
    5/5
    Trond Isaksen /Riksantikvaren

Krone Kafé

Med sin staselege industriarkitektur er produksjonslokala til Salhus Tricotagefabrik bygd med store vindauge ut mot fjorden som gjev mykje lys i lokalet. I dag er delar av fabrikken bygd om til kafé og inngangsparti for museet. Her har vi også terrasse og båtkai, og utandørs sitteplassar på begge sider av bygningen. Med Salhusfjorden like utanfor vindauget får ein ei heilt eiga stemning som dannar ei flott ramme rundt ditt arrangement.

Kafeen inneheld også ein filmsal, og veggen mellom filmsal og kafé kan opnast opp for å gjere lokalet større. Vi har sitteplassar og dekketøy til 100 personar.

Som museum må vi først og fremst ta omsyn til lokala og kulturminnet vi har ansvar for, difor må leigeprisen alltid inkludere ei vakt som er til stades under dei ulike tilstellingane, og utvask.

Museet har ope søndagar heile året, og det er difor ikkje mogleg å leige lokala på søndagar. I juli og august gjeld dette også på laurdagar.

Fyll ut skjema under eller kontakt oss på telefon/epost for meir informasjon.

Kveldheim selskapslokale

Kveldheim selskapslokale ligg i den tidlegare direktørboligen like bak museet. Lokalet har eit heilt nytt industrikjøkken og hage med flott utsikt over Salhusfjorden.

Lokalet har plass til ca 40 personar.

Fyll ut skjema under eller kontakt oss på telefon/epost for meir informasjon.

  • 1/8
    Pynta lokale.
  • 2/8
    Pynta lokale.
  • 3/8
    Lokalet har to stuer
  • 4/8
    Utsikt mot hagen
  • 5/8
    Utsikt frå lokalet
  • 6/8
    Hage med utsikt mot Salhusfjorden
  • 7/8
  • 8/8
    Kjøkken

Mindre samankomstar

Ta kontakt for pristilbod for mindre grupper som vil leige lokale i samband med museumsbesøk.

Fyll ut skjema under eller kontakt oss på telefon/epost for meir informasjon.

Leige av lokale til fotooppdrag

Fyll ut skjema under eller kontakt oss på telefon/epost for meir informasjon.

Kontakt oss på epost/telefon


Kontaktinformasjon og adresse
Salhusvegen 201 5107 Salhus
(+47) 970 87 297, bestilling.tim@muho.no
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1