Hopp til hovedinnhold

Om oss

Velkommen til Salhus: knappe 17 minutt frå Bergen sentrum finn du eit industrisamfunn i miniatyr.

Utforsk karderiet og spoleloftet eller bli med på omvising i tidlegare Salhus Tricotagefabrik (1859–1989), lær meir om klesproduksjonen i fabrikken. Kjenn karda ull mellom fingrane, høyr maskinstøyen, kjenn luktene i dei gamle lokala og sjå maskinene i drift. Utforsk fabrikkstaden Salhus, sjå ferske utstillingar i galleriet eller berre nyt sjøutsikta frå kafeen. Museumsbutikken har eit godt utval lokalproduserte og unike varer, og er vel verd eit besøk.

Utforsk karderiet og spoleoftet

Utforsk spoleloftet og karderiet i tildigare Salhus Tricotagefabrik (1859-1989). Billett til spoleloftet inkluderer filmen "Det var ein gong ein fabrikk" (25min), tilgong til arbeidarbustaden frå 1860 og Galleri Salhus. 

Billetter kjøpes i kassen. 

Bestill omvising

Tid: ca. 40 min. + filmvisning (24 min.)

Dersom du vil sjå heile fabrikken, må du melde deg på omvisning. Kontakt oss gjerne for å avtale omvising utanom ordinær opningstid. Billettar kan kjøpast på førehand eller på museet. Sjå når vi har omvisingar her:

Bestill gruppebesøk

Omvisning + film kostar 200 kr for vaksne og 100 kr for pensjonistar/studentar. 

For bestilling utanom opningstid eller private omvisingar kjem det eit tillegg. Kontakt oss for pris.

Bestill skulebesøk

Vi har opplegg for VGS, ungdomsskoler, barneskoler og barnehager. 

Vil du leige Krone Kafé eller Kveldheim selskapslokale?

Samling/ gåver til museet

Har du noko du vil gje til museet? Send oss ein e-post med bilete av det det gjeld.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1