Hopp til hovudinnhald

Undervisning

Gje elevane kunnskap om industrihistoria vår og om korleis klede blir til! Vi har undervisingsopplegg til alle aldersgrupper, og ein koseleg kafé der de kan ete eiga niste. Eit besøk hos oss er eit besøk i den gamle tekstilfabrikken Salhus Tricotagefabrik, og ei tid då klesproduksjonen var stor i Noreg og mange arbeidde på fabrikkane.

Besøk eit industriminne!

Alle undervisingsopplegg er gratis for skuleklassar. Det er fint om klassen har snakka om museumsbesøket på førehand, slik at alle er godt førebudde.

Alle våre undervisingsopplegg er knytt til kompetansemål i læreplanane i samfunnsfag, historie, samfunnskunnskap, kunst og handverk, design og redesign, og matematikk. Gjennom dei skal elevane reflektere kring samfunnsendringar og kunne seie noko om kulturarven. Undervisingsopplegga kan tilpassast den enkelte klassen eller gruppa: ta gjerne kontakt dersom de har andre ynskje.

Salhus ligg 10 minutt med bil frå Åsane terminal. Det går buss kvar time frå terminalen. Sjå skyss.no for ruteinfo, eller ring oss om de treng tips.

Museet opnar for skulebesøk mandag 3. mars 2025.

Våre undervisningsopplegg

Les meir om opplegga her.

Museum24:Portal - 2025.02.14
Grunnstilsett-versjon: 2