Hopp til hovedinnhold

Samlingar

Vi tek vare på fabrikkanlegget Salhus Tricotagefabrik, og kjelder til kunnskap om tekstilindustrien på Vestlandet.

Då Salhus Tricotagefabrik la ned drifta var maskinene og store delar av arkivet intakt. Tekstilindustrimuseet tek vare på produksjonslokala og fleire bygningar rundt fabrikken: til saman 31 bygg inkludert arbeidarbustad (1860), skulehus (1873), lærarbustad og den første direktørbustaden. Bygningane er freda og har ei samla golvflate på rundt 10 000 kvadratmeter (inkludert bygningsmassen til Bevaringstenestene).

Museet tek vare på maskiner til ulike prosessar i produksjonen av strikka tekstilar. Vi har fleire hundre maskiner, mest frå Salhus Tricotagefabrik men òg frå andre tekstilfabrikkar i Bergensregionen og andre delar av landet. 

Vi tek vare på klede og tekstilar som blei produserte ved fabrikken i Salhus - dei mest kjende av desse er nok undertøysmerket Krone Maco. Med vårt fokus på tekstil, har vi òg fått overta det som er att etter den Oslobaserte broderibedrifta Gunnar Pedersen A/S, som produserte broderimønster og selde garn og broderiutstyr frå 1915 til 1986.

Gåver / spørsmål om samlingane

Har du noko du vurderer å gje til museet? Send oss ein e-post med foto og ein kort omtale av kva det gjeld. Samlingsutvalet ved museet har møte ved behov, og vurderer alle tilbod til samlingane.

Kontakt oss

Vestlandsk tekstilindustri

I samlingane til Tekstilindustrimuseet finst det materiale frå fleire bedrifter i tekstilindustrien i Bergen og Vestland: ein bransje som har spelt ei viktig rolle i næringsutviklinga i regionen. Dette er nokre av dei.

  • Bilde av Safa Samnanger

    Safa Samnanger

    Trikotasjefabrikk på Tysse i Samnanger, etablert i 1931. Produsent av sokkar, strømper og strømpebukser.

  • Bilde av Rundvæveriet (Iris)

    Rundvæveriet (Iris)

    Trikotasjefabrikk på Os i Hordaland, kjend for dametrikotasje i merket Iris.

  • Bilde av Janusfabrikken

    Janusfabrikken

    Trikotasjefabrikk på Espeland i Arna, først etablert som Espelandsfos Spinderi & Tricotagefabrik av Anton S. Stephansen i 1895.

  • Bilde av Arne Fabrikker

    Arne Fabrikker

    Bomullsveveri og ullvarefabrikk, hjørnesteinsbedrift i Ytre Arna grunnlagt av brødrene Jebsen i 1846.

  • Bilde av Dale Fabrikker

    Dale Fabrikker

    Tekstilfabrikk på Dalekvam i Vaksdal kommune, mellom Bergen og Voss. Grunnlagt av industripioner Peter Jebsen i 1979.

  • Bilde av Salhus Tricotagefabrik

    Salhus Tricotagefabrik

    Salhus Tricotagefabrik er ein tidlegare trikotasjefabrikk i Salhus, rundt to mil frå Bergen sentrum. No held Tekstilindustrimuseet til i fabrikklokala.

  • Bilde av Salhus Væverier

    Salhus Væverier

    Veveri i Salhus, etablert i 1894, og produserte blant anna ullteppe og metervare.

  • Bilde av Trengereid Fabrikker

    Trengereid Fabrikker

    Trengereid Fabrikker (1895–1999) var ein av dei store norske produsentane av lisser, band, snorer og strikk. Fabrikken hadde produksjonslokale på Trengereid og Solheim i Bergen.

  • Bilde av Tangens Gardinfabrikk

    Tangens Gardinfabrikk

    Gardinfabrikk grunnlagt på Nygårdstangen i Bergen av kjøpmann A.F. Simonsen (1849-1929) som den første gardinfabrikken i Noreg i 1881.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1