Hopp til hovedinnhold

Fagbibliotek for tekstilindustri

Tekstilindustrimuseet har ei boksamling på 5–10 000 bøker og tidsskrift knytt til tekstilindustri, tekstilhistorie, tekstilteknikk, allmenn industrihistorie og museologi. Arbeidet med å systematisere samlinga og etablere eit fagbibliotek for tekstilindustriell litteratur starta opp rundt 2015.

Målet er å gjere samlinga tilgjengeleg for søk og utlån via biblioteksystemet Oria, og at samlinga på sikt blir plassert i eit lokale der den kan brukast av publikum. Tekstilindustrimuseet sitt bibliotek vil i første rekke vere relevant for dei som ynskjer meir litteratur frå tekstilindustrien si historie, og som studerer eller forskar på tema knytt til den.

For å få boksamlinga til å bli eit bibliotek, samarbeider Tekstilindustrimuseet med biblioteket ved Norges Handelshøyskole. Vi tek imot bøker og tidsskrift knytt til tekstilindustri i Noreg og utlandet.

Samling/ gåver til museet

Har du noko du vil gje til museet? Send oss ein e-post med bilete av det det gjeld.

Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 1