Hopp til hovedinnhold

Om museet og Salhus Tricotagefabrik

Bli med på omvising i tidlegare Salhus Tricotagefabrik (1859–1989), lær meir om klesproduksjonen i fabrikken. Kjenn karda ull mellom fingrane, høyr maskinstøyen, kjenn luktene i dei gamle lokala og sjå maskinene i drift. Utforsk fabrikkstaden Salhus, sjå ferske utstillingar i galleriet eller berre nyt sjøutsikta frå kafeen. Museumsbutikken har eit godt utval lokalproduserte og unike varer, og er vel verd eit besøk.

Museet tilbyr skreddarsydde formidlingsopplegg for ulike grupper, og har arrangement om tekstil, industrihistorie og kultur for store og små gjennom heile året. Høyr aktuelle strikkeforedrag på vår månadlege strikkekafé, eller opplev dei historiske lokala blir forvandla til verdas koselegaste, pinneklirrande handstrikkefabrikk under Bergen Strikkefestival, kvart år i månadsskiftet september–oktober. Tekstilindustrimuseet er ein fin stad for barnefamiliar, med eigne omvisingar, leikekrok og tekstilaktivitetar for barn.

Krona på verket

Tekstilindustrien var blant dei første industrigreinene som blei etablert i Noreg. Hordaland vart eit kjerneområde i bransjen, med tekstile tungvektarar som Arne Fabrikker, Janus og Dale Fabrikker. Mange av fabrikkane produserte strikka klede.Salhus Tricotagefabrik var kjend for slitesterke kvardagsplagg og bomullsundertøy, og merket Krone Maco vart ein klassikar. Fabrikken produserte islendarar, undertøy, sokkar og fritidsplagg i 130 år. No held Tekstilindustrimuseet til i fabrikklokala, og fortel historia om norsk tekstilindustri med utgangspunkt i industribygda.

  • Salhus Tricotagefabrikk sett frå sjøen, mellom ca. 1880-1895. Salhus Tricotagefabrik i Salhus omkring 1880. Heilt til høgre er kolhuset der kolskutene la til. Kolet blei heist opp i tønner til 2.etasje, der det blei tømt over i trillebårer og køyrt til kolbingen. 

Til høgre bak fabrikkbygningen ligg skulehuset frå 1878. Det ligg arbeidarbustadar framfor og til venstre for skulehuset. I "1860-boligen" til venstre budde jenter på loftet og familiar i leilegheitene i etasjane under. Nede ved sjøen til venstre i biletet ligg smia og huset til Johannes Vedå, som til seinare vart smed i Salhus Væverier. Deretter ser vi huset der "Hilda-butikken" kom seinare. Dei fire husa bak desse var av dei eldste i Salhus.
    1/7
    Salhus Tricotagefabrikk sett frå sjøen, mellom 1880-1895. Bildet er hentet fra DigitaltMuseum. Se digitaltmuseum.no/021017877287
  • Den tidlegare tekstilfabrikken Salhus Tricotagefabrik sett frå sjøen.
    2/7
    Fabrikkanlegget i 2020. Trond Isaksen
  • Gruppeportrett av arbeidarane ved Salhus Tricotagefabrik utanfor Bergen, i 1893. Disponent Phillip Christian Clausen og son hans Emil Clausen i midten av biletet.
    3/7
    Arbeidarane ved Salhus Tricotagefabrik i 1893. Bildet er hentet fra DigitaltMuseum. Se digitaltmuseum.no/021017100468
  • Mann og barn går opp trapp i fabrikklokale
    4/7
    Tove Lise Mossestad
  • mann og barn i fabrikklokale med maskiner
    5/7
    Tove Lise Mossestad
  • Strikkemaskiner i gammalt fabrikklokale
    6/7
    Trond Isaksen /Riksantikvaren
  • Detalj på tvinnemaskin med garn
    7/7
    Trond Isaksen /Riksantikvaren

Ei vestlandsperle

Fabrikkanlegget ligg idyllisk til ved sjøen nord for Bergen sentrum. I bakken bak fabrikken finn du eit tettbygd miljø med bustadar for både arbeidar og direktør, skulehus og gamleheim. Salhus Tricotagefabrik var ein av dei første fullmekaniserte trikotasjefabrikkane i Noreg, og ein del av den første industrialiseringsbølga. Tettstaden illustrerer dei store kulturelle og økonomiske endringane i Noreg frå 1850 og fram til i dag: vegen frå bondesamfunn til moderne industrinasjon.

Eit kompakt industrisamfunn

Salhus vaks frå å vere ein liten gjestgivarstad på veg frå Bergen til ein travel industristad med tre tekstilfabrikkar: Salhus Tricotagefabrik, Salhus Væverier og Birkelund Trikotasjefabrikk. Det vart eit kompakt samfunn der stad og fabrikk var sider av same sak, og på det meste arbeidde rundt 700 menneske i tekstilindustrien her.

Då røyken frå fabrikkpipa stoppa, vart anlegget vurdert verna som eit døme på norsk trikotasjeindustri. Anlegget vart ein del av Riksantikvaren sitt verneprogram for teknisk-industrielle kulturminne i 1997, og er i dag det einaste nasjonale industriminnet i Bergen. Museet opna for publikum i 2001, etter fleire år med oppgradering av bygningane og maskinparken. I 2020 vart fabrikkanlegget freda.

Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1