Hopp til hovedinnhold

Sytreff på syloftet

Velkommen til sytreff!

Treng du å stoppa ein sokk, reparera nokre plagg eller held du på med eit større syprosjekt? Bli med på sytreff i det historiske syloftet i den gamle fabrikken!

Sytreffet passar for både erfarne og nybyrjarar. Ta med symaskin og det syprosjektet du held på med, så sit me og syr i lag og lærer av kvarandre. Dersom du ikkje har symaskin kan du låna av museet. Send ein e-post til agnes.bernes@muho.no dersom du treng å låna symaskin.

Museet stiller med klippebord, strykejern/strykebrett, stoppesopp, stoppegarn, strykelapper og anna sytilbehør. 

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1