Hopp til hovedinnhold

Familiesøndag:
Gardsbesøk og Livet i fjøra

Hels på spelsauene på Magnusgarden. No er alle lamma komne. Det går mot sommar og fjorden er varmare. Bli med oss ned i Naustvika og lær om alt livet som fins her i på grunna og i fjøresteinane. Prøv gjerne fiskelukka! Ta med fiskestang.

  • Fjære
    1/1

Uteaktiviteter

Denne dagen blir det todelt familiedag på Lyngheisenteret. Vi startar med beøk på Magnusgarden. Her kan du helse på spelsauene våre og sjå alle dei søte lammene. Møt opp på snuplassen kl 12.

Kl 13 går vi ned i Naustvika med "Livet i fjøra" som tema. Her kan du lære om kva som røyrer seg blant fjæresteinane. Vi har diverse utstyr for utlån, som håver, vannkikkert, kasteriver, bøtter etc, og plansjer som viser noko av det du kan finne. Er du tøff så kan du ta deg eit friskt bad! Vi held på til ca kl 15.

Tips:

1) Ta med badesko hvis du vil vasse i fjøra. Ha ein ullsokk oppi hvis det er kaldt.

2) Ta med eige krabbesnøre eller kjøp i museumsbutikken vår.

3) Ta med fiskestang! Fint å fiske frå neset i Naustvika.

Informasjonsbygget

Restaurant Matstova er open for servering kl 12 - 17 (varm mat til kl 16.30)
I kiosken / resepsjonen kan du kjøpe is og brus, villsaugarn, honning og mykje anna. Velkomen til ein lærerik dag ved fjorden!

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1