Hopp til hovedinnhold

Forsking

Lyngheisenteret spring ut frå forsking på natur- og kulturhistoria til landskapet langs kysten. Lindåsprosjektet frå 1971-1976 la grunnlaget for etableringa av Lyngheisenteret på 1990-talet. Framleis er forsking ein av bærebjelkane til Lyngheisenteret. Her kan du lese om ein lite utval av forskinga frå Lygra og Lurekalven.

Brannmose – ein av dei sjeldnaste artane i Noreg

Det første funnet i Noreg
I 1995 fann ein forskar og ein masterstudent frå Universitetet i Bergen ein ukjend liten mose då dei studerte vegetasjonen etter lyngsviing på Lurekalven året før. Masterstudenten fekk i oppgåve å studere mosen i lupe og mikroskop for å finne ut kva art det var, men svaret ho kom fram til var vanskeleg å tru på. Alt tyda nemleg på at mosen var ein brannmose (Leptodontium flexifolium), og denne arten fantes ikkje i Noreg. At mosen sto fleire stadar i brannflata på Lurekalven gjorde det endå meir usannsynleg at det faktisk var brannmose som hadde dukka opp. Forskarane sendte derfor mosen vidare til ein moseekspert. Etter nokre veker kom svaret – det var ingen tvil om brannmosen fantes på Lurekalven. Funnet i 1995 vart dermed det første funnet i Noreg, samt det nordlegaste funnet i heile Europa. Sidan den gong har brannmosen blitt funne nokre få stadar i Hordaland og Rogaland, og den står som sterkt truga (EN) på den norske raudlista for artar.

Økologi
Brannmosen finnast langs den europeiske vestkysten, i Afrika, delar av Asia og i Sør-, Mellom- og Nord-Amerika, men er sjeldan i store delar av utbreiingsområdet. I Nord-Europa finnast berre nokre få funn, men sidan habitatet den likar seg i er relativt vanleg er det grunn til å tru at det finnes stadar der den ikkje er registrert. Brannmosen blir under to cm høg og er derfor lett å oversjå. Den har friske, grøne blad som står pent saman i ein rosett. Ved tørre forhold krøllar mosen seg saman og blir endå mindre, men så snart det vert fuktig brettar den seg ut att. I Canada har ein funne subfossil av brannmose som er datert til å vere 40.000 år gamal. I Nord-Europa er brannmosen sterkt knytt til ung lynghei, og attgroing og opphøyr av skjøtsel aukar risikoen for at brannmosen vert utrydda i Noreg.

Vil du gå på jakt etter brannmosen?
Sjølv om namnet tilseier at brannmosen er knytt til brann kan den likevel dukke opp der det ikkje har vore brent. Brannmosen treng god tilgang på nitrogen, noko den får den første tida etter brann, men også etter andre aktivitetar, til dømes skogrydding. Vidare trivast den på den sure jorda og det lysopne landskapet som finnast i kystlynghei. Det er sannsynleg at brannmosen står uoppdaga fleire stadar langs vestlandskysten. Nybrent lynghei eller skogrydding i attgrodd lynghei er gode stadar å dra på oppdagelsesferd. Brannmosen kan lett forvekslast med ugrasvegmose (Ceratodon purpureus). Den veks på dei same stadane som brannmosen, og er så lik at ein treng lupe for å skilje artane frå kvarandre. I lupe vil ein sjå at ugrasvegmosen har ein glatt kant lags bladet, medan brannmosen har tydeleg sagtanna bladkant. Dersom du finn brannmose bør du registrere den på artsobservasjoner.no, saman med gode bilete.

Forskaren i historia: Per Arild Aarestad
Masterstudenten i historia (no professor i biologi): Vigdis Vandvik
Moseeksperten i historia: Arne A. Frisvoll

Vitskapleg publikasjon om det første funnet av brannmose i Noreg

Les meir om brannmose hjå Artsdatabanken

Sjå norske funn av brannmose i Artskart

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1