Hopp til hovedinnhold

Undervisning

Lyngheisenteret tilbyr undervisningsopplegg og -fasilitetar til barnehagar, skular, universitet og høgskular. Gjennom heile året kan vi drive utandørs undervisning om ulike tema knytt til kulturlandskap, landbruk, marint og terrestrisk miljø, historie og geografi. Vi legg også til rette for læring gjennom deltaking i våre forskingsprosjekt. Natur- og kulturtilhøva kombinert med mogelegheit for matservering og overnatting gjer Lyngheisenteret til ein attraktiv lokalitet for feltkurs.

Våre faste undervisningsaktivitetar rommar alt frå praktisk gardsarbeid og tradisjonell bruk av utmarka, til  utforsking og forståing av økologiske prosessar og korleis menneskleg aktivitet påverkar desse. Alle oppgåvene skal medverke til ei heilskapleg forståing av korleis det tradisjonelle kulturlandskapet er eit resultat av gardsdrifta og ei berekraftig utnytting av ressursane på kysten, samt stimulere til refleksjon kring berekraftig levevis. ​

Les meir om våre undervisningsopplegg:

Prøv MUHO sin Escape-boks om tekstil og berekraft: Følg spora etter Fia for å samle kunnskap om ansvarleg forbruk og produksjon.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1