Opphøyr av beite
Kva skjer med vegetasjon og resten av økosystemet når beite opphøyrer? På Lygra har vi inngjerda områder der vi studerer langtidseffektane av beiteekskludering. Studentar kan delta på vegetasjonregistrering, biomasseregistrering, kartlegging av insektsfauna, måling av størrelsane i karbonkretsløpet og kartlegging av hydrologiske endringar, eller ein kan introdusere si eiga problemstilling.
Restaurering av slåttemark
I 2021 starta vi arbeidet med å restaurere ei slåttemark på Magnusgården som er eitt av gardsbruka på Lygra. Undervegs i restaureringa undersøkjer vi korleis vegetasjon og insektssamfunn endrar seg.
Maur
Visste du at maur er ein av dei mest betydningsfulle beitedyra i mange norske naturtypar? Mauren klipper ned vegetasjonen og fraktar den under bakken, og dei et av frøa til plantane. Mauren sin aktivitet påverkar mellom anna plantevekst, gjødsling, karbonlagring, næringskjedar og jordstruktur i økosystemet. Likevel er maur ei oversett artsgruppe i forskinga. På Lyngheisenteret kan du vere med på å undersøke kva artar maur som finnes i lyngheia, i skogen og i enga, og korleis dei ulike artane responderar på beite, brann og tørke.