Hopp til hovedinnhold

Historia vår

Lygra ligg ved den indre farleia mellom Bergen og Sogn, ei ferdselsåra frå nord til sør gjennom fleire tusen år. Lygra tyder «den lyse». Dei eldste fornminna på Lygra stammar frå yngre steinalder: tre buplassar er registrert på Tangane, heilt nord på øya. Her har lyngheilandskapet vore i kontinuerleg drift sidan bronsealderen. Landskapet vert drifta så autentisk som mogeleg, med tradisjonelle arbeidsteknikkar overlevert gjennom tallause generasjonar.

Lygra er svært rik på fornminne frå eldre og yngre jernalder, med kolmiler og gravhaugar frå vikingtida. Etter våre eldste sogebøker, Snorres kongesoger og Egilssoga, var det kongsgard på Lygra, og Olav den Heilage heldt i 1026 ting på Tingstadbakken i Lurevågen. I mellomalderen var Lygra ein storgard med høg jordbruksproduksjon. På øya Lurekalven utanfor Lygra vart det etablert fast busetnad i merovingartid, ca. 700 e.Kr. Garden var i drift til svartedauden. Garden er godt dokumentert etter utgravingar av Universitet i Bergen på 1970-talet. På tuftene er det lagt torv som viser omrisset av bygningane. På Lygra kan det ha vore fire eller fem kyrkjer, den første er nemnd i eldre kjelder frå 1321.

Lygra kan få gamalt av vore ein tungard som vart delt i Ytre og Indre Lygra i mellomalderen. I dag er det fem bruk på Ytre Lygra og tretten bruk på Indre Lygra.

  • oversiktsbilete over Lygra i Nordhordland med påskriven tekst
    1/1
    Lyngheisenteret

Gardane på Ytre Lygra

Lyngheisenteret er etablert i nært samarbeid med dei lokale grunneigarane på Ytre Lygra. Dei held det vakre kulturlandskapet på Lygra i hevd gjennom aktiv gardsdrift på tradisjonelt vis, med beite av utegangarar (villsau), lyngbrenning og slått. Samtidig er utmarka tilrettelagd for friluftsliv med eit omfattande system av idylliske turstiar.

Organisasjon

Vernearbeidet på Lyngheisenteret og Lygra spring ut frå Universitetet i Bergen (UIB) sitt tverrfaglege forskingsprosjekt «Lindås-prosjektet» på 1970-tallet. Eit av dei viktigaste funna i prosjektet var at kystlyngheiene er eit meir enn 4000 år gamalt kulturlandskap, og det er dei tradisjonelle driftsformene som har gitt lyngheiene sitt karakteristiske kulturlandskap.
Heile prosjektet med å etablere Lyngheisenteret vart gjennomført i perioden 1990–2000 under Prosjekt Vestkyst og Kulturlandskapssenteret i Hordaland fylkeskommune, med støtte frå Miljøverndepartementet, Kulturdepartementet, Kommunaldepartementet og Landbruksdepartementet. Stiftinga Lyngheisenteret vart oppretta i 1999 av:

  • Hordaland fylkeskommune
  • Universitetet i Bergen
  • Lindås kommune
  • Grunneigarane på Ytre Lygra
  • Regionrådet i Nordhordland og Gulen
  • Nordhordland handverk- og industrilag

Lyngheisenteret vart opna i 2000, og i 2007 vart det konsolidert saman med Museumssenteret i Hordaland (MUHO). Stiftinga Lyngheisenteret er no ei eigedomsstifting.

  • sau i kystlandskap
    1/1
    A. Langøy
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1