Hopp til hovedinnhold

Om oss

Lyngheisenteret på Lygra i Nordhordland er eit nasjonalt og internasjonalt kunnskapssenter som vernar lyngheilandskapet gjennom aktiv gardsdrift, formidlar tradisjonar og gjev deg gode opplevingar. Her kan du vandre på tilrettelagde stiar i eit historisk landskap, slik det har vore på kysten i 5000 år.

  • Lyngheisenteret på Lygra og landskapet rundt med blomeeng. Foto
    1/10
    Informasjonsbygget på Lyngheisenteret Lyngheisenteret
  • lyng og torvhus
    2/10
    Lyngheisenteret
  • oversiktsbilete over Lygra i Nordhordland med påskriven tekst
    3/10
    Lyngheisenteret
  • sauesanking: sauar i båsar med folk rundt, sjø i bakgrunnen
    4/10
    Lyngheisenteret
  • to menn og ei kvinne vurderer ein sauefell
    5/10
    Lyngheisenteret
  • kvinne fargar gult garn i gryte, gutar ser på
    6/10
    Lyngheisenteret
  • villsau i bås, tilskodarar ser på
    7/10
    Lyngheisenteret
  • vêrar med horn i kystlandskap
    8/10
    A. Langøy
  • Mann brenn lyng. foto
    9/10
    A. Langøy
  • sau i kystlandskap
    10/10
    A. Langøy

Levande landskap

Lyngheiane er Europa sitt kulturlandskap mot Atlanterhavet, frå Portugal i sør til Lofoten i nord. I dag står denne særmerkte naturtypen i fare for å forsvinne. Heile 90 prosent av dei europeiske lyngheiene har gått tapt dei siste 100 åra grunna oppdyrking, forureining og attgroing. Lyngheisenteret vernar lyngheiene gjennom aktiv gardsdrift, og tek vare på kunnskapen og tradisjonane knytt til bruken av landskapet. 

Ei flott naturoppleving

Lyngheisenteret er i dag den einaste staden i Europa med autentiske lyngheier drivne av lokale bønder, som òg er tilrettelagde for publikum. Opplev lyngheiene og kulturlandskapet på Lygra, med det rike fuglelivet, floraen og faunaen på øya. Her er det berre deg og naturen.

Lær om ressursbruken på ein lyngheigard i gamle dagar, som står i sterk kontrast til dagens bruk-og-kast-samfunn. Kva kan du gjere for å leve meir miljøvennleg? Her kan du lære gjennom praktiske erfaringar. Lær meir om lyngheiene og biologisk mangfald gjennom våre filmar og utstillingar.

Lyngheisenteret fekk i 2001 UNESCO sin globale kulturlandskapspris, og i 2005 vart senteret tildelt Europarådet – Europa Nostra sin kulturlandskapspris for «si banebrytande rolle i vernet av autentiske lyngheier, og vedlikehald av biologisk mangfald og tradisjonskunnskap knytt til landskapet».

lyngheisenteret@muho.no
(+47) 54 35 64 10

Avdelingsleiar: Torhild Kvingedal
torhild.kvingedal@muho.no
(+47) 951 58 756

Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 1