Samlingar

Utgangspunktet for Lyngheisenteret er eit heilskapleg vern gjennom aktiv, autentisk drift. Alle dei fem gardane på Ytre Lygra arbeider i samarbeid med Lyngheisenteret for å bevare den autentiske lyngheidrifta.

  • lyng og torvhus (Foto/Photo)
    Lyngheisenteret

Samlingane våre er kulturlandskapet, lyngheiene, gardsbruka med innmark og utmark, og dyra som beiter her. Dei famnar heile det kulturbiologiske systemet med flora, fauna, biologisk mangfald, genressursar, geologi, marint liv og klima. Slik tar vi vare på både den materielle og immaterielle kulturarven vår.

Lyngheisenteret forvaltar, saman med dei fem bruka på Ytre Lygra, 1500 mål lyngheier som er i aktiv, tradisjonell drift med beiting av Gamalnorsk sau (villsau), brenning og slått. Sidan 2015 har Lyngheisenteret vore eigar av bruk 57/2 på Ytre Lygra med til saman 50 mål innmark, 50 mål innmarksbeite i tillegg til lyngheiene.

Lyngheisenteret held ved like ni eldre bruksbygningar, løe, våningshus, gardflorar, torvhus, moldhus og naust, 4 km tilrettelagte stiar gjennom kulturlandskapet og 1,5 km steingard, i tillegg til informasjonsbygget med Matstova, auditorium, klasserom, utstilling og kontor.

  • oversiktsbilete over Lygra i Nordhordland med påskriven tekst (Foto/Photo)
    1/1
    Lyngheisenteret