Utstillinga tematiserer FN sine berekraftsmål i ein regional kontekst. Innhaldet i utstillinga er basert på forsking, talmateriale, problemstillingar og narrativ med forankring i Nordhordland UNESCO Biosfæreområde. Utstillinga famnar breidt, men går særleg i djupna på fem tema: fotosytense, livet på land, livet i havet, energi og industri.
Sirkulære Nordhordland
Visste du at Nordhordland har Noreg sitt største utsleppspunkt av klimagassen CO2, fleire sauer enn menneske og Noreg sitt einaste UNESCO Biosfæreområde? Eller at Nordhordland rommar forsking på lyng, laks og berekraft? I vandreutstillinga Sirkulære Nordhordland kan du bli kjend med naturen, menneska, forskinga og samfunnet i Nordhordland.
Kven er utstillinga for?
Utstillinga er for alle, men særleg for deg som er innbyggjar i Nordhordland UNESCO Biosfæreområde. Om du er gamal eller ung spelar inga rolle, her er det noko for alle.
Som lærar eller skuleelev kan du nytte støtte til undervisning som føl utstillinga til å arbeide djupare med utvalde tema, og til å finne forankringa i skulen sitt nærområde. I tillegg er det utarbeida nokre konkrete oppgåver ein kan utføre i sjølve utstillinga.
Medverknad
Vi vil gjerne høyre kva du tenker!
Send brev til framtida her.
Turné
Gjennom skuleåret 2024/2025 skal utstillinga besøke alle dei åtte kommunane i Nordhordland UNESCO Biosfæreområde:
2024:
- Alver (juni-august)
- Modalen (september)
- Masfjorden (oktober)
- Gulen (november)
- Austrheim (desember - januar)
2025:
- Fedje (februar)
- Osterøy (mars)
- Vaksdal (april)
- Alver (mai -)
Frå mai 2025 blir utstillinga ståande på Lyngheisenteret.
Ombruk
Når du vitjar utstillinga vil du raskt finne gjenstandar og materiale som har levd eit langt liv. For å redusere ressursavtrykket til utstillinga har vi nytta ombruk i stor grad. Her er det gamle kister og ein amerikakoffert, MDF-plater frå verdsutstillinga i Hannover i år 2000 og hjul frå kasserte kontorstolar. Der vi har måtte ta i bruk nytt materiale har vi valgt materiale med minst mogeleg belastning på klima og miljø, og vi har utfordra samarbeidspartnarar på å nytte kapp og restar.
Samarbeid
Utstillinga er eigd av Museumssenteret i Hordaland, avdeling Lyngheisenteret, og utvikla i tett samarbeid med Nordhordland UNESCO Biosfære. I tillegg har vi mange lokale samarbeidspartnarar:
- Prestegård design – utstillingsdesignar
- Vassbrekko AS – bygging og av tårn og lettveggar, tilpassing av kister og amerikakoffert
- Reklamehuset AS – trykk på lettveggar og plater
- Region Nordhordland v/Kjersti Isdal – illustrasjonar
- Biblioteka i Nordhordland – utstillingslokale og –vertar under turné
- Vigdis Valde - undervisning og formidling
- Ullrosa v/Ingunn Kvamme - tova figurar
- Kjetil Fossheim - diorama
- Forskingsinstitusjonar
- Regionalt næringsliv