Sirkulære Nordhordland famnar breitt og er knytt opp til LK-20. Utstillinga sine tema er særleg eigna til undervisning kring berekraft. Her finn du som lærar støttemateriell som du kan nytte til undervisninga. Vi ønsker at elevane i størst mogeleg grad skal kjenne på personleg relevans til innhaldet gjennom medverknad og utvikling av nytt innhald og nye perspektiv.
Vi ønsker å stimulere til praktisk og aktiv undervisning ute og i felt. Ressursane er eigna for tverrfagleg arbeid i utstillinga og på skulen, der paktisk-estetiske læringsformer går hand i hand med det teoretiske universet.
Sirkulære Nordhordland tematiserer korleis vi menneske er avhengig av, men også påverkar, naturen rundt oss. Innhaldet har ei sterk forankring til Nordhordland, noko som gjer materialet meir handfast for skuleelevar i vår region, og tydeleggjer enkeltindividet si påverkingskraft på sitt nærmiljø.
Berekraftig utvikling og medborgarskap er relevant for alle, og du er sjølvsagt velkommen til å nytte ressursane på denne sida sjølv om du arbeidar som lærar ein anna stad i landet. Mykje av innhaldet og mange av oppgåvene har nasjonal relevans, og med litt tilrettelegging kan du skape forankring av innhaldet til din eigen region.
Introduksjon til den fysiske utstillinga
Den fysiske utsillinga er eit ekstrakt av Nordhordland presentert i eit handfast format som gjer det mogeleg å ha ansikt-til-ansikt møte med små historiar og problemstillingar frå regionen. Det er ikkje ei tradisjonell utstilling med ein start og ein slutt, eller eit samanhengande narrativ. I staden innbyr utstillinga til ei oppdagelsesferd i Nordhordland, og det finnast like mange måtar å møte utstillinga på som det finnast publikumarar.
Sentralt i utstillinga er fem tårn med innhald knytt til fem tema: livet i havet, livet på land, fotosyntese, industri og energi. Alle tårna inneheld element som ein kan utforske utan å kunne lese.
I tillegg til dei fem tårna har utstillinga to kister som spelar av kvar sin film, ein reisekoffert med FN sine berekraftsmål som tema, og frittståande sideveggar som rammar inn utstillinga.
Introduksjon til nettressursane
På denne sida finn du nettressursar som du kan nytte til undervisning knytt til tema i utstillinga. Den fysiske utstillinga skapar eit naturleg momentum for undervisning, men det er mogeleg å nytte undervisningsressursane utan å besøke den fysiske utstillinga. Dei fem temaboksane med tittel Fotosyntese, Livet på land, Livet i havet, Industri og Energi, som du finn lenger nede på sida, tek deg til ei oversikt over flatene på dei tematiske tårna i den fysiske utstillinga. Her kan du finne djupdemateriale til kvar av flatene.
Undervisningsressursane er produsert med støtte frå Sparebanken Vest.