Hopp til hovedinnhold

Nasjonal fagrådgjevar for kystlynghei

I samarbeid med Miljødirektoratet koordinerer vi ei nasjonal fagrådgjevingsteneste for kystlynghei. Tenesta omfattar kurs, føredrag og rådgjeving knytt til bruk, skjøtsel og ivaretaking av kystlynghei. Kapasiteten vår er avgrensa, og vi prioriterer kurs og formidling som favnar breitt og er retta mot konkrete tiltak over enkelthenvendingar. Ta kontakt på torhild.kvingedal@muho.no eller siri.haugum@muho.no for meir informasjon.

Kurs i lyngbrenning

Kurs i lyngbrenning i heile landet. Kurset går fortrinnsvis over to dagar, med ein teoridel ettermiddag/kveld og ein praktisk del med synfaring og eventuell lyngbrenning påfølgande dag. Kurset inkluderer ein introduksjon til kystlyngheia, økologsike gradientar, omsyn til kulturhistorie og sårbare artar, planlegging, gjennomføring og oppfølging av lyngbrenning. Ein eigenandel må medreknast.

Føredrag

Føredrag om naturmangfald, økosystemtenester, beite, brenning og andre tema knytt til forvalting av kystlynghei. Føredraga kan tilpassast etter ønske og kan gjennomførast fysisk eller digitalt. Ein eigenandel må medreknast.

Synfaring

Markvandring med vurdering av økologisk tilstand, beitekvalitet og skjøtselstiltak .

Nettverk og samarbeid

Vi koordinerar det nasjonale lyngheinettverket LyngNett, med nasjonale samlingar om lag kvart andre år. Vidare deltek vi i kulturlandskapsnettverket for museum, fleire natur- og samfunnsfaglege forskingsprosjekt og legg til rette for undervisning og allmenn fagformidling om kystlynghei. 

Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 1