Hopp til hovedinnhold

Arrangement

Utvid horisontane: på Lygra kan du både få ta i eit tak og lære noko nytt. Finn våre aktuelle arrangement i kalenderen.

Kurs og aktivitetar

Vi arrangerer kurs om lyngheiskjøtsel, tørrmuring, ullsortering, plantefarging og yoga. Følg med på kalenderen eller ta kontakt med oss.

Dette er berre nokre av aktivitetane du kan delta i på Lyngheisenteret og i nærområdet i løpet av året:

  • Livet i fjøra – familiedag om det som rører seg i fjøresteinane
  • Gardsbesøk – møt villsauen, raudkollene og hønene
  • Lokalmat – ver med på å lage eit måltid av lokale råvarer
  • Praktisk gardsarbeid
  • Ullsortering, plantefarging, nålefilting og toving
  • Leig syklar på Lyngheisenteret
  • Fisk frå land eller leig båt
  • Bading i Naustvika
  • Yoga
  • Eller berre nyt ein roleg dag på Lygra... 

Faste arrangement

Bygning i idyllisk landskap med blomstereng, Lyngheisenteret på Lygra

Familiesøndag

Siste søndag i månaden frå påske til og med november, har vi ulike aktiviteter for heile familien.

sauesanking: folk går på rekkje og held hender, saueflokk lengre bak

Sauesanking

Bli med på å sanke villsau i lyngheiene! I byrjinga av juni og oktober kan både barn og vaksne vere med på sauesanking på Lygra.

vikingleir på Lygra i solnedgang

Viking- og mellomalderdag

Bli med tilbake i tid! Fast arrangement i august.
Det er enno usikkert om det blir vikingdag i 2024.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1