Velkommen til ei feiring av norsk ull, dei norske sauerasane, og våre rike tekstiltradisjonar!
ULLVEKA er ei "oval" festveke med ull i fokus. Programmet er variert og vil ha tilbod for både born, unge og vaksne.
Her kan ein møte ullentusiastar frå heile verdikjeda - frå bonde og produsent til handverkar og formidlarar. Ullveka ønskjer å inkludere alle frå nybegynnarar, skapstrikkarar, tovekunstnarar til erfarne ullfolk som har ull som næring og material i si verksemd.
ULLVEKA er eit breitt samarbeid mellom Hillesvåg Ullvarefabrikk, Lyngheisenteret, Osterøy Museum, Tekstilindustrimuseet, Vestnorsk Utvandringssenter, Bryggens Museum, Hordaland Husflidslag, Nordhordland Husflidslag, Husflidskonsulenten i Hordaland, Hordamuseet, Knarvik Amfi, Sommerakademiet, Galleri Rustica, Region Nordhordland, Gripen Gard, Alver kommune, Hordaland sau og geit med fleire.
Husflidskonsulenten i Hordaland, Hillesvåg Ullvarefabrikk, Lyngheisenteret, Nordhordland UNESCO Biosfære og Sommerakademiet er representerte i styret for Ullveka.
Arrangørane i ULLVEKA håper å være med på å bevare og formidle vår samla kunnskap om ull, og samtidig gje det tradisjonelle ny aktualitet ved å inspirere til å bruke gamle handverksteknikker på nye og moderne måtar. Hovedfokuset for ULLVEKA vil være på norsk ull og dei uendelige bruksmåtane vi har med våre kortreiste råvarer fra sauen.