Hopp til hovedinnhold

Tjelden - det første vårteiknet på kysten?

Tjelden er ein folkekjær fugl langs kysten, og for mange er tjelden sin attkomst i slutten av februar eller i mars det første vårteiknet. Tjelden er lett å oppdage med si svarte og kvite fjøyrdrakt og raude bein og nebb. I tillegg har han ein plaprande song som ber langt og varslar om tjelden er på plass.

Tjelden er ein av vadefuglane - ei stor gruppe fuglar som har til felles at dei ofte vadar i fjæra, langs innsjøar og i våtmarker når dei leitar etter mat. Tjelden er vanlegast å sjå i fjæra, men han likar som også på jordbruksmark. Her stikk han det lange nebbet sitt ned i mudderet eller jorda på jakt etter blautdyr som muslingar og meitemark. Hann og ho ser heilt like ut, og ungane deira er bustete utgåver av av foreldra med bleikare fjørdrakt, mørkare bein og kortare nebb. Frå ringmerkingdata veit vi at tjelden kan bli meir enn 30 år gamal. Sjølv om tjelden framleis er ein tallrik og vanleg art hos oss går bestanden nedover. Ei viktig årsak er at våtmarkene og strandsonene som tjelden finn mat i forsvinn, særleg i overvintringsområda. På bakgrunn av dette er tjelden no klassifisert som Nær Truga (NT) på både den norske og den internasjonale raudlista for artar.  

  • 1/1

Hjelp oss å observere tjelden sitt vår- og hausttrekk på Lygra

I likskap med mange artar endrar tjelden årsrytmen sin i takt med at omgjevnadane endrar seg. Sjølv om dei fleste tjeldane vi ser i sommarhalvåret framleis overvintrar i England, Tyskland og Nederland, er det stadig fleire tjeldar som vel å halde seg i den ytste kyststripa i Noreg gjennom vinteren. På Lyngheisenteret ønsker vi å overvåke kor stor variasjon det er i tjelden sin attkomst og avreise frå Lygra frå år til år. Dersom du har sett eller høyrt tjelden på Lygra når han kjem i februar eller mars, eller før han reiser i august eller september, er vi glade for at du melder observasjonen din her. Legg att namnet ditt, så er du med i trekkinga av kjekke premiar!

Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 1