Hopp til hovedinnhold

Påskeferie på museet

Legg påskeferien til Salhus!

Opningstider i påska

Onsdag - fredag og søndag.

  • : 12.00 – 16.30

Opplev Salhus Tricotagefabrik

Bli med på maskinomvising i Salhus Tricotagefabrik og sjå korleis ull og bomull blir til kler. Omvising kl. 12 og 15. Du kan òg utforske spoleloftet og karderiet på eige hand.

Barnas fabrikk

Bli med den populære sauen Bændik på omvising i fabrikken kl. 13.30. Omvisinga passar for barn frå 3-8 år.

Utforsk karderiet og spoleloftet og prøv vår nye fabrikkquiz.

I kaféen finn de eit aktivitetsbord med påsketema.

  • Utstilling: IMAGINE i Galleri salhus Thor Brødreskift

IMAGINE

Utstilling i Galleri Salhus med tre kunstnarar; Signe Halle, Masoud Alireza og Kristin Austreid.

Siste visningsdag er søndag 31. mars.

  • Utstilling: Fashion dumpsite Søren Zeuth

OBRONI WAVU / Fashion dumpsite

Utstilling blant spinne- og kardemaskiner i Salhus Tricotagefabrik, av fotograf og aktivist Søren Zeuth (DK).

Utstillinga OBRONI WAVU er ei kunstutstilling som gjennom
kunstfotografiske grep engasjerer sjåaren i problematikken omkring det
faktum at vestens enorme forbruk av klede ender som ein stor
miljøkatastrofe i det globale syd.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1