Hopp til hovedinnhold

Utstilling: “OBRONI WAVU / Fashion Dumpsite” - Søren Zeuth

Utstilling i fabrikken av aktivist og fotograf Søren Zeuth (DK)

  • 1/2
    Søren Zeuth
  • 2/2

Om utstillinga

Utstillinga OBRONI WAVU er ei kunstutstilling som gjennom kunstfotografiske grep engasjerer sjåaren i problematikken omkring det faktum at vestens enorme forbruk av klede ender som ein stor miljøkatastrofe i det globale syd.

OBRONI WAVU tyder “Den døde kvite manns klede”. Det er det man i Ghana kallar gjenbruksklede som ender opp i Ghana, og som utgjer ein stor del av dei kleda som blir seld på markanden i Katamanto, som er Vest-Afrikas største marknad for gjenbruk. På marknaden arbeidar det 30.000 menneske. Dei som sel klede på marknaden kjøper 55 kg store «bills» (vakuumpakka sekker med klede), kor 40% er kleda er avfall. Det er klede som er øydelagt, og som ikkje passer til det afrikanske klimaet. Derfor ender det som avfall.

EU anslår at Vestens forbruk av klede vil stige med 60% frem til 2030. Den såkalla ”Fast fashion”-tekstilindustrien har mogleggjort, at kvar danske kjøper 16 kg nye klede kvart år. Klede vi ikkje har brukt, eller som er av så dårleg kvalitet at det blir kasta med ein gong. 10 % av kleda vi samlar inn blir seld i gjenbruksbutikkar i Danmark, 4-5 % kommer til Aust-Europa og 85 % av kleda hamner i Det globale syd. Den 6 km lange losseplass i Accra i Ghana er fylt med gjenbruksklede frå Vesten.

40 % av kleda vi sender til Ghana, ender på Fashion Dumpsites, fordi dei ikkje er korrekt sortert når dei kjem frå Europa, og fordi kleda er av for dårleg kvalitet eller er øydelagte. Med utstillinga ”Fashion dumpsite” skal besøkande sjå og forstå korleis vårt enorme forbruk av tekstilar både er ei stor miljøbelastning, når dei blir produsert, og når dei vert levert til gjenbruk i ein eller annan form for ”veldedigheit”, for så til sist å bli skylt opp på strendene omkring Accra eller ender opp på Fashion Dumpsites.


Museum24:Portal - 2024.03.00
Grunnstilsett-versjon: 1