Hopp til hovedinnhold

IMAGINE

Tre kunstnarar med ulik tilnærming til materialitet.

Signe Halle – Masoud Alireza – Kristin Austreid

18.februar kl. 14 opnar gruppeutstillinga IMAGINE i Galleri Salhus. Utstillinga viser arbeid av 3 ulike kunstnarar som på kvar sin måte utforskar ein materialitet. Utstillinga vert opna av (TBA). Det er gratis inngang på opninga.

Signe Halle

Signe Halle (f. 1955) undersøkjer gjennom sine arbeid ein samanheng mellom kontroll, tilfeldigheiter og erfart kunnskap.I den repeterande oppbygginga av eit rutenett ved hjelp av sjablongar i ei geometrisk form, styrer eg korleis fargen skal flyte inn i fiberen under fargeprosessen. 

Utfallet er variabelt og avheng ikkje berre av brettemetode og mønster, men også av fargeblandinga og dei ibuande eigenskapane til silkekvaliteten. Enkelte verk blir etterbehandla med nål og tråd med smock-teknikken der ho byggjer opp flata til tredimensjonale organiske former.

Masoud Alireza

Masoud Alireza (f. 1985) sin kunstnarlege praksis tek utgangspunkt i teikninga som eit fundamentalt element og som ein hjørnestein i hans kreative utforsking. Han etterstrebar å utfordre det ikkje-representerande aspektet av teikning, pressar grensene for å utvide teikninga sitt potensiale, overgår teikninga si konvensjonelle rolle. 

Alireza nyttar tradisjonelle materialar og reiskapar, men hans nyfikskap har også fått han til å utforske eit breitt utval av materialar som har ført han fram til innovative teikne-installasjonar. Sentralt i hans kunstnarlege reise innan teikning, er jakta på å framkalle intuitive og umiddelbare estetiske opplevingar, som overskrid tekstbasert kommunikasjon.

Kristin Austreid

Kristin Austreid (f. 1985) arbeider med detaljerte måleri der ho tek utgangspunkt i gjenstandar som er observert tett på og omgjort til sanselege biletrom. Ho zoomar inn på flekkar, rifter, restar, eller andre bagatellmessige spor i overflata som fortel om ulike former for materialitet, og tilfører fordreide perspektiv, lysfenomen og digitale spor, som indikerar noko immaterielt. Når desse ulike kvalitetane går kvarandre i møte, skaper ho nye teksturar og stofflegheit, som ho bearbeidar vidare i måleriet. 

Motiva befinn seg i eit spenningsfelt mellom abstraksjon og figurasjon, der tilhøvet mellom overflate og rom står sentralt. I arbeida som skal visast i Galleri Salhus på Tekstilindustrimuseet utforskar Austreid blant annat korleis lys og mørke kan omdanne og løyse opp overflater.

Opningstider

Frå 18. februar:

  • Ons-fre: 11.00 – 15.00

  • Søn: 12.00 – 16.30

Museum24:Portal - 2024.10.30
Grunnstilsett-versjon: 1