Hopp til hovedinnhold

Bygningsforsking: Havrå

I dei ståande bygningane på Havrå er det svært mykje gjenbruksmaterialar. Særleg i løene er svært mykje av grindkonstruksjonane gjenbruk frå løene som stod der før ombygginga midt på 1800-talet.

  • illustrasjon av ein laserskanna bygning sett nedanfrå
    1/2
    Laserskanning Marcin Gladki
  • hand held måleutstyr i eit gammalt trebygg på Havrå
    2/2
    Undersøking av gjenbruksmaterialar på Havrå Arild Sætre/Kulturverntenesta i Nordhordland

Vi har sett at det vil la seg gjere å langt på veg «rekonstruere» desse bygningane ut frå dimensjonane på materialane, sperrehakk, ymse fellingar og andre spor. I tillegg vil vi kunne tidfeste bygningsdelane med dendrokronologi. Dette feltarbeidet kan føre oss nærare eit svar på korleis det gamle Havrå såg ut før endringane midt på 1800-talet.

Arbeidet vil ha overføringsverdi til resten av regionen når det gjeld forståinga av endringar i byggeskikk og tunskipnad.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1