ProsjektSjå kva vi arbeider med! Primus for sogelagPrimus for sogelagKulturverntenesta i Nordhordland kan tilby hjelp til dei som ynskjer å nytta elektronisk verktøy til å katalogisere samlingar. Steinløe i DalstøSteinløe i DalstøI januar 2019 var Kulturverntenesta i Nordhordland på synfaring til gnr 19, bnr 5 i Dalstø i Meland kommune. Bakgrunnen for synfaringa var at eigar ville ha ei vurdering av tilstanden og kulturminneverdien til steinløa. Nordre Kvinge Trevarefabrikk i MasfjordenNordre Kvinge Trevarefabrikk i MasfjordenNordre Kvinge Trevarefabrikk var stifta i 1919, og produserte dører, vindauge og trapper. No er eigaren i ferd med å sette i stand trevarefabrikken. Kulturverntenesta i Nordhordland har hjelpt til med søknadsprosessen og midlar frå Masfjorden kommune, Stiftelsen UNI og Norsk kulturminnefond har gjort istandsettinga mogleg. Dokumentarportrett: jordkjellararDokumentarportrett: jordkjellararLangs vegane og på eit fleirtal av gardane i Nordhordland finn ein desse fascinerande konstruksjonane som var ein livsviktig del av naturalhushaldet. Kulturverntenesta i Nordhordland fekk i 2018 og i 2019 midlar frå Norsk handverksinstitutt til dokumentasjon av bruken av jordkjellarar. Dendrokronologisk datering LitloksaDendrokronologisk datering LitloksaKulturverntenesta i Nordhordland har gjennom fleire år arbeidd med datering av bygningar, såkalla dendrokronologi. Dei fleste oppdraga har vore for Hordaland, no Vestland, fylkeskommune, men vi har òg hatt oppdrag utanfor fylkesgrensene. Bygningsforsking: HavråBygningsforsking: HavråI dei ståande bygningane på Havrå er det svært mykje gjenbruksmaterialar. Særleg i løene er svært mykje av grindkonstruksjonane gjenbruk frå løene som stod der før ombygginga midt på 1800-talet.