- 1/1
Jordkjellar Ulvatn Siri Linn Brandsøy
Tenester til private
Eigarar av verneverdige bygningar får tilbod om gratis rådgjeving om istandsetjing og restaurering. Bestill gjerne ei synfaring med ein av bygningsvernrådgjevarane våre. På synfaringa vert det gjort ei enkel tilstandsvurdering og ei kulturminneverdivurdering, og det vert gjeve råd om restaurering og rettleiing om søknad om tilskotsmidlar.
Tenesta har i dag to regionale bygningsvernrådgjevarar som dekkjer kommunane i Midt- og Nordhordland.
Gjeld førespurnaden eit bygg i Midthordland (Askøy, Bjørnafjorden, Samnanger, Vaksdal, Øygarden), kontakt Rune Johnsen.
Gjeld førespurnaden eit bygg i Nordhordland (Alver, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy), kontakt Arild Sætre.
Rune Johnsen
Arild Sætre
Tenester til kommunane
Den kommunale forvaltinga i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Masfjorden og Modalen kan fritt nytte rådgjevingstenester innan:
- Kulturminnefagleg vurdering i plan- og byggjesaker
- Kulturminnefagleg arbeid med kommunale planverk, som til dømes kulturmiljøplan
Den kommunale forvaltinga i kommunane Askøy, Bjørnafjorden, Osterøy, Samnanger, Vaksdal og Øygarden kan nytte dei same rådgjevingstenestene som nemnde ovanfor etter nærare avtale om betaling for medgått tid.
Dendrokronologi
Dendrokronologi er ein metode for å datere trevirke ved å analysere mønsteret i årringane og samanlikne det med kjende årringsseriar. Metoden vert mellom anna nytta i bygningsvern og arkeologi for å slå fast når tømmeret vart felt, og dermed gje grunnlag for å datere bygningar eller bygningsdelar.
Kulturverntenesta tek prøver som vert leverte vidare til eit laboratorium for datering. Prøvene vert tekne med ulike metodar. Den mest brukte er boreprøver. Det vert nytta spesialbor til å ta ut kjerneprøver av gammalt treverk. Ein kan òg ta ut skiveprøver, som inneber å sage ut ei mindre skive av eit trestykke. Den siste metoden er fotografering med spesialtilpassa kameralinse. Alle metodane gjev laboratoriet høve til å identifisere tilhøvet mellom årringane, for å identifisere vekstmønsteret som kan knytast til gjevne årstal i databasen til laboratoriet.
Saman med prøvene utarbeider me ein rapport som vert sett saman med laboratoriefunna, og utgjer den endelege dateringa.
Kurs i bygningsvern
Vi tilbyr kurs og føredrag innan bygningsvern som mellom anna:
- Vindaugsrestaurering
- Grindverksbygg
- Skifertekking
- Rotkne
- Andre tradisjonelle handverksteknikkar
- Søknadsskriving
Primus for sogelag
Kulturverntenesta tilbyr også, i samarbeid med KulturIT, avtale om og tilgang til katalogiseringsprogrammet Primus, og rettleiing kring registrering av samlingar.