Hopp til hovedinnhold

Nordre Kvinge Trevarefabrikk i Masfjorden

Nordre Kvinge Trevarefabrikk var stifta i 1919. Fabrikken står på tørrmur heilt inntil Norkvingeelva. Då fabrikken var i drift vart det produsert dører, vindauge og trapper. No er eigaren i ferd med å sette i stand trevarefabrikken. Kulturverntenesta i Nordhordland har hjelpt til med søknadsprosessen og midlar frå Masfjorden kommune, Stiftelsen UNI og Norsk kulturminnefond har gjort istandsettinga mogleg.

  • Logo: Kulturverntenesta i Nordhordland

Fabrikken vart sett opp ved elva i Nordkvingo, slik at ein kunne nytte vasskrafta her. I byrjinga vart det brukt kvernkall for å utnytte vasskrafta. Seinare vart det montert turbin, noko som gav sikrare drift. Det vart etter kvart kjøpt inn ein motor som kunne halde drifta i gang når elva i tørkeperiodar vart for lita til å halde turbinen i gang. Alle maskinene i fabrikken er basert på reimdriftssystem.

Fabrikken var i drift til 1965. Då ville eigarane selje han. Dei fekk eit tilbod der den nye eigaren ville rive og flytte bygningen. Folk i bygda var sterkt imot dette, og det enda med at fem karar kjøpte fabrikken. Dei nytta fabrikken til å lage vindauge, dører, skap og trapper til eige bruk. Det vart òg bygd trebåtar i fabrikken i ei periode. I 1992 kjøpte far til noverande eigar ut dei andre. Han har brukt fabrikken til ymse reparasjons- og hobbyarbeid. Både kledning og vindauge er prega av mange år med manglande vedlikehald, og det er behov for å skifte kledning og å reparere – og nokre stadar sette inn nye vindauge/kopiar. I tillegg må ein byte ut noko utvendig listverk på vindauga.

Fabrikken representerer ei type småindustri som tidlegare var svært vanleg langs vestlandsfjordane, men som no er borte. Det som gjer trevarefabrikken i Nordkvingo spesielt verdifull er at reimdriftssystemet og maskinene fungerer framleis. Ein har her eit industriminne med komplett utstyr for produksjon slik den var då den vart nedlagt i 1965.

No er eigaren i ferd med å sette i stand trevarefabrikken, og han har til no brukt over 900 timar på arbeidet. 14 vindauge er reparert eller kopiert, og all kledning er skifta i sørveggen. Neste steg er vestveggen. Kulturverntenesta i Nordhordland har hjelpt til med søknadsprosessen og midlar frå Masfjorden kommune, Stiftelsen UNI og Norsk kulturminnefond har gjort istandsettinga mogleg.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1