Hopp til hovedinnhold

Klima, miljø og samfunnsansvar

Med forvaltingsansvar for fleire enn hundre museumsbygg og mange tusen dekar kulturlandskap, ønskjer Museumssenteret i Hordaland å bidra til å redusere klimautslepp og vår påverknad på det ytre miljø. Muho har difor starta prosessen med å bli Miljøfyrtårn.

  • Klyngetunet Havrå på Osterøy i solskin ein vakker sumarsdag
    1/1
    Havrå

Fokus på berekraft og miljø aukar. Kundar, tilsette og myndigheiter forventar i stadig større grad at bedrifter tek ansvar for berekraft. I tilskotsbrevet frå KUD er vi oppmoda til å vurdere eigne klima og miljøtiltak og rapportere på desse.

Med forvaltingsansvar for 110 museumsbygg på 17000 m2 og 3500 dekar kulturlandskap, er vi sikre på at arbeid knytt til klima og miljø vil gi ei meir berekraftig drift og soleis bidra med å redusere klimautslepp og vår påverknad på det ytre miljø. Systematisk arbeid på dette området vil gi ei meir effektiv drift, og på sikt kostnadskutt.

Gjennom ei Miljøfyrtårn-sertifisering får vi konkrete verktøy for å gjennomføre effektive og lønsame miljøforbetringar innan områder som arbeidsmiljø, avfallshandtering, energibruk, innkjøp og transport og gode føresetnader for å bidra til å oppnå fleire av FN sine berekraftsmål.


  • Tekstilindustrimuseet og Bevaringstenestene i Salhus
    1/1
    Tekstilindustrimuseet og Bevaringstenestene i Salhus. Trond Isaksen/Riksantikvaren

Kartlegging

For å verte sertifisert som Miljøfyrtårn må MUHO gjere ei miljøkartlegging basert på 51 ulike  kriterium. Nokre av kriteria er grunnleggjande og gjeld for alle verksemder uavhengig av bransje. Det er felles kriterium. Andre kriterium er knytt til bestemte bransjar. Disse kallar vi bransjespesifikke kriterium. Samla utgjer disse eit sett med kriterium som verksemda skal oppfylle som del av miljøkartlegginga. Kriteria fordeler seg på 3 kriteriesett:

Felles kriterium (31 kriterium), Byggeigar (18 kriterium), Hovudkontor-for konsern og kommunar (2 kriterium).

Det finst ikkje eit eige sett av kriterium for museum.

Alle kriteria skal dokumenterast med rutinar og status. Mange av kriteria er knytt til å ha gode rutinar, handlingsplanar og risikovurdering på HMT-området. Det er allereie gjort eit omfattande arbeid på dette feltet knytt til digitalisering av HMT-handboka i 2020.

Ei grundig kartlegging vil gi oss grunnlag for å setje konkrete og ambisiøse mål for miljøarbeidet for framtida, både i eit kort og lengre perspektiv.

  • Osterøy Museum, gammelt stue med skut og steinvegg
    1/1
    Osterøy Museum

Verksemda blir sertifisert etter følgjande kriteriesett:

Byggeigar (18 kriterie)

Felles kriterie (31 kriterie)

Hovedkontor-for konsern og kommuner (2 kriterie)


Kriteria er inndelt i hovudtema:


Arbeidet med Miljøfyrtårn starta opp hausten 2020. MUHO har vald hovudkontormodellen. Fordelane med det er at mykje av dokumentasjonsarbeidet og kartlegging av rutinar er definert, før arbeidet tek til i avdelingane. Det er eit mål å vere klar for sertifisering av hovudkontoret i løpet av våren 2021 og for heile organisasjonen innan utgangen av 2021.

Ei grundig kartlegging vil gi oss grunnlag for å setje konkrete og ambisiøse mål for miljøarbeidet for framtida, både i eit kort og lengre perspektiv.