Hopp til hovedinnhold

Om oss

MUHO er eit museum for levande kultur-, natur- og industriarv, og eit kompetansemiljø for konservering og bygningsvern i Hordaland. Vi har avdelingar i Salhus, på Lygra, Radøy og Osterøy.

Stiftinga Museumssenteret i Hordaland

Du finn oss i:

  • Salhus, Bergen: Tekstilindustrimuseet, Bevaringstenestene og Kulturverntenesta i Nordhordland
  • Osterøy: Osterøy museum og Havrå
  • Alver: Lyngheisenteret og Vestnorsk utvandringssenter

MUHO utfører aktiv bevaring og levande formidling: vi fortel ikkje berre ei historie, men brukar kunnskap om teknikkar og prosessar til vise, lære bort og utføre arbeid slik det tradisjonelt blei gjort innan handverk, industri og gardsdrift. Gjennom autentiske kulturmiljø og landskap i Nordhordland og Bergen trekkjer vi linjer frå fortida til utfordringar i verda i dag. MUHO har eit unikt kompetansemiljø som gir råd om bevaring av bygg og samlingar, og utfører konservering av ulike materialar. 

    • Bilde av MUHO

      I Salhus finn du òg administrasjonen til Museumssenteret i Hordaland, og kontora til Kulturverntenesta i Nordhordland.

    • Bilde av Tekstilindustrimuseet

      Tekstilindustrimuseet

      Vis vegen

      Korleis blir klede til? Opplev trikotasjefabrikken frå 1859, og bli kjend med industristaden Salhus.

    • Bilde av Bevaringstenestene

      Bevaringstenestene

      Vis vegen

      Eit kompetansemiljø for konservering i Vestland. Vi arbeider for museumssamlingane i Vestland, og utfører profesjonell konservering av gjenstandar og tekstilar.

    • Bilde av Havrå

      Havrå

      Vis vegen

      Av generasjonar før oss, for generasjonar etter oss. Opplev eit av Noregs best bevarte klyngetun.

    • Bilde av Vestnorsk utvandringssenter

      Vestnorsk utvandringssenter

      Vis vegen

      Oppdag prærielandsbyen på Radøy.

    • Bilde av Osterøy museum

      Osterøy museum

      Vis vegen

      Sjå resultatet av hundre år med lokalhistorisk arbeid, og opplev levande handverkstradisjonar i folkemuseet på Osterøy.

    • Bilde av Lyngheisenteret

      Lyngheisenteret

      Vis vegen

      Vi vernar lyngheiene gjennom aktiv gardsdrift. Berekraft og lokalmat i eit historisk kystkulturlandskap.

    Vi har spesielt fokus på:

    Levande natur- og kulturarv​ 

    Vi tek vare på natur- og kulturarv ved å overføre kunnskap til folk og nye generasjonar. Kunnskap om kulturlandskap, arbeidsprosessar, teknikkar og ressursar lever vidare gjennom  forvalting av samlingar og praksis i museet.

    Industriarv

    Industrien etterlèt materielle spor som bygningar, verkstadar, maskiner, lager og infrastruktur, men òg immaterielle verdiar som teknisk kunnskap og organisering av arbeidet. Vi tek vare på industriarven og fortel om dei sosiale og kulturelle ringverknadene den har i samfunnet, og korleis den endrar landskap og miljø. 

    Migrasjon og mangfold

    Migrasjon representerer forflytting av menneske både i og mellom land, ofte utløyst av mangel på arbeid og håp om ei betre framtid. Ved migrasjon oppstår kulturmøter som krev tilpassing, og utfordrar identiteten vår. Kulturmøter og mangfald handlar om mykje meir enn migrasjon. Eit mangfald av menneske, levemåter og livsvilkår er noko alle kulturar må handtere, no som før. Det har til alle tider alltid vore nokon som er inkludert, medan andre har vore «annleis», og dermed halde utanfor i alle samfunn.

    Bevaring

    Gjennom god bevaring kan vi bremse at kulturarven vert forringa. Vi driv kunnskapsbasert bevaring av alt frå kulturlandskap og store fabrikkanlegg, til hus og store og små gjenstandar. Bevaring kan vere førebyggande tiltak, direkte inngrep og dokumentasjon, undersøking og overvaking av objekt for å sikre informasjon og innhente ny kunnskap. 

    Historia

    MUHO vart det første konsoliderte museet i Hordaland ved samanslåinga av Norsk Trikotasjemuseum, Bevaringstenestene og Felleskonservator for tekniske og industrielle kulturminne i Bergen i 2004, under namnet Museumssenteret i Salhus. I 2006 vart Kulturverntenesta i Nordhordland oppretta. Frå 1. januar 2007 vart to avdelingar på Osterøy – Osterøy museum og Havrå – ein del av organisasjonen, og Lyngheisenteret kom med frå 12. februar 2007. Vestnorsk utvandringssenter vart ein del av museet i januar 2010. 

    • to menn ber på kiper i eit på ein gamal bygdeveg
      1/14
      Havrå
    • Klyngetunet Havrå på Osterøy i solskin ein vakker sumarsdag
      2/14
      Havrå
    • bygningar i museumstun
      3/14
      Osterøy museum
    • ullgarn og ingrediensar til plantefarging
      4/14
      Osterøy museum
    • mann og barn i fabrikklokale med maskiner
      5/14
      Tove Lise Mossestad
    • Bygda Salhus utanfor Bergen, med den tidlegare tekstilfabrikken Salhus Tricotagefabrik sett frå sjøen.
      6/14
      Salhus Tricotagefabrik sett frå sjøen. Helge Sunde
    • Skoleklasse besøker Utvandringssenteret
      7/14
      Skoleklasse aktivitetsdag Lena Eikeland Kutschera
    • Interiør med rokk og seng med lappeteppe
      8/14
      Lena Eikeland Kutschera
    • Mann brenn lyng. foto
      9/14
      A. Langøy
    • sau i kystlandskap
      10/14
      A. Langøy
    • mann held årringsprøve og eit skjema, arbeid med årringsdatering
      11/14
      Arbeid med årringsdatering Linn Willets Borgen
    • vøling av steinløe i landleg landskap, mann i stillas ved løa
      12/14
      Vøling av steinløe Arild Sætre/Kulturverntenesta i Nordhordland
    • 13/14
    • In situ-konservering av Gustav Vigelands statue av Bjørnstjerne Bjørnson i Teaterparken i Bergen
      14/14
      Konservering av statue
    .
    Museum24:Portal - 2024.03.08
    Grunnstilsett-versjon: 1