Kunnskap
MUHO har eit stort mangfald i samlingane. I tillegg til tradisjonelle samlingar av materielle og immaterielle kulturminne, har vi ansvar for å ta vare på og verne om kulturlandskap og kulturbiologiske system.

Levande natur- og kulturarv
Vi tek vare på natur- og kulturarv ved å overføre kunnskap til folk og nye generasjonar. Kunnskap om kulturlandskap, arbeidsprosessar, teknikkar og ressursar lever vidare gjennom forvalting av samlingar og praksis i museet.

Industriarv
Industrien etterlèt materielle spor som bygningar, verkstadar, maskiner, lager og infrastruktur, men òg immaterielle verdiar som teknisk kunnskap og organisering av arbeidet. Vi tek vare på industriarven og fortel om dei sosiale og kulturelle ringverknadene den har i samfunnet, og korleis den endrar landskap og miljø.

Migrasjon
Flytting av menneske i og mellom land, ofte utløyst av behov for arbeid og håp om ei betre framtid er aktuelt både i historisk samanheng og i samtida vår. Vi set fokus på kulturmøte mellom menneske, og korleis migrasjon utfordrar og utviklar samfunnet.

Bevaring
Gjennom god bevaring kan vi bremse at kulturarven vert forringa. Vi driv kunnskapsbasert bevaring av alt frå kulturlandskap og store fabrikkanlegg, til hus og store og små gjenstandar. Bevaring kan vere førebyggande tiltak, direkte inngrep og dokumentasjon, undersøking og overvaking av objekt for å sikre informasjon og innhente ny kunnskap.