Hopp til hovedinnhold

HANDBOREN

Utstillinga “Handboren” fortel om lokale handverkstradisjonar innan tre og tekstil, om drakt og bunad og utvikling av småindustri i møte med moderne 1900-talet.
Vi ynskjer å syne korleis nedarva kunnskap, saman med lokale materialar, har skapt kulturuttrykk, tradisjonar, og næringsvegar – noko som igjen har gitt regionen særpreg og skapt lokal identitet.
Mykje av det museet har teke vare på fortel om ei tid der det meste folk trong av reiskapar, utstyr, eller mat, kom frå garden, eller lokalmiljøet.
Vi håpar at publikum vil la seg inspirere av tradisjonane, men også sjå utstillinga i lys av vår moderne måte å forvalte ressursar på. Tadisjonell praksis kan hjelpe oss å gi meining til ord som berekraft og kunnskapen kan vera grunnlag for betre val og ressursforvaltning.

  • 1/4
  • 2/4
  • 3/4
  • 4/4
Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 1