Hopp til hovedinnhold

Om oss

Osterøy museum ligg vakkert til på Gjerstad, midt på Nord-Europas største innlandsøy. Her viser gamle og nyare hus i eit spanande tun levemåten i bygdene nord for Bergen. Vi knyter saman det immaterielle og det materielle: gjenstandane og handverksteknikkane som høyrer til dei. Museet har spesiell kunnskap om tekstil- og drakthistorie, oppstadvev og lokal byggeskikk, og er eit samlingspunkt for dei med interesse for lokalhistorie frå Osterøy og Nordhordland.

  • museumsbygningar i solnedgang om hausten
    1/5
    Osterøy museum
  • bygningar i museumstun i sollys
    2/5
    Osterøy museum
  • bygningar i museumstun i sollys
    3/5
    Osterøy museum
  • museumsbygningar, og bjørkeblad på høgre sida
    4/5
    Osterøy museum
  • store mengder tresko ved Hosanger Treskofabrikk på Osterøy
    5/5
    Osterøy museum

Levande handverkstradisjonar

Vi samlar handverkarar og tekstilinteresserte frå heile Noreg – og internasjonalt – i eit nettverk rundt oppstadveven. Tradisjonen vert halden i live og fornya gjennom aktivt samarbeid med forskarar, kunstnarar og designarar.

Livet på strilelandet

Bygningane og resten av samlingane på Osterøy museum syner byggeskikk, levevis og tradisjonar på strilelandet. Gjenstandar, foto og arkiv frå lokale lag, organisasjonar og bedrifter er våre kjelder til kunnskap om tidlegare tider. Store deler av samlingane er tilgjengelege for alle interesserte – forskarar, skribentar og slektsgranskarar kan gjere avtale.

Osterøy museum vart skipa i 1920, og vart lenge drive av frivillige krefter i lokalmiljøet. Museet har enno ei sterk lokal forankring, og samarbeider tett med lokale lag og organisasjonar og eit aktivt venelag.

Hos oss kan du lære meir om:

  • tekstil- og drakthistorie
  • oppstadvev
  • byggeskikk og bygningshandverk
  • småindustri

Kontakt oss

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1