Tur med lykt på Kulturstien, Gjerstad

Synst du det er skummelt med dei mørke vinterkveldane? Det er ingenting mot korleis det var før i tida - då fanst det både skrømt, jolreia og anna trollskap ute om nettene. Verst var det i tida kring jul, og aller skumlast var kanskje jolreia. Eit vesen som kom fram Lussinatta og herja heilt til tjuandedag jul. Ho jaga både born og vaksne som ikkje heldt seg inne når det var mørkt.
Mange meinar Jolreia har slutta kome ut Lussinatta, men kan vi vera så sikre?

Langs Kulturstien på Gjerstad finst fleire tusen år gamle spor etter menneske, med m.a. gravhaugar og gravfelt frå førhistorisk tid.
Torer du vera med oss ein tur på Kulturstien Lussikvelden?
Då får du høyre nokre av historiene om det som finst der.

Kle deg godt, ta med lykt. Vi tek med varm drikke.
Vi møtest ved Gjerstad kyrkje kl.1730 .tysdag 13.desember.

Pris vaksne: 120,-
Barn gratis.

(følg med for oppdatering, eller avlysing dersom dårleg ver)

  •  (Foto/Photo)
    1/1