Hopp til hovedinnhold

Besøk

Bli med på omvising i tun og landskap der me fortel om historia til den tradisjonsrike garden. Lær om matproduksjon på stadeigne ressursar og om den handlingsboren kunnskapen. Havrå rommar store kulturbiologiske verdiar, der den tradisjonelle drifta dannar grunnlag for korleis me tek vare på, og brukar bygg, og landskap.

Me gjer merksam på at Museumssenteret i Hordaland kunn eig 2 av dei 8 bruka. Resten er i privat eige. Difor er det ikkje lov til å gå på eigenhand, eller trakke inn i hus og løer utan ein omvisar.

Opningstider

Ordinære opningstider:

Me har for tida stengt, men opner att uke 26. 

Me ynskjer at besøkande møter oss i tunet i god tid før omvisinga starter (ca. 10 - 15 min). 

Viss ein har lyst til å komme som ein del av ein større gruppe, kan ein kontakte oss, så fikser me det! 

Billettar

Kjøp billett til ein omvising i tunet her

Vaksen: 100,-

Honnør/student: 80,-

Barn og ungdom (0 - 18 år): 0,- 

Universitet og høgskole: kontakt oss for pris og opplegg

Spesialomvisninger: Skogen i Bergjet og landskapsvandring. Kontakt oss for pris og opplegg. 

kart med merke på garden Havrå

Adresse

Bruvikvegen 272
Havrå
5286 Haus

Finn vegen

Buss/tog

Ta tog frå Bergen til Arna stasjon, bytt til buss 200 Haus og vidare til 201 mot Bruvik til stoppet Havrå. Planlegg reisa på skyss.no.

Bil

Følg E39 ut av Bergen mot Voss/Voss mot Bergen. Ta av mot Osterøy over brua. Køyr mot Bruvik, ca. 3 km. Me har eigen parkeringsplass ved tunellen, Struken, ca. 200 meter forbi sjølve tunet.