Hopp til hovudinnhald

Om oss

Havrå er ein gard på sørsida av Osterøy, og eit av dei best bevarte og mest særprega norske klyngetuna. Her har det vore busetnad og gardsdrift sidan eldre bronsealder. Garden vart freda i 1998, som det første kulturmiljøet i Noreg, og er eit unikt minne om gardsdrift, byggjeskikk og arbeidsliv på dei mange vestlandsgardane.

  • mann arbeider med steinmur i solskin, ovanfor ei samling med gardshus
    Restaurering av lad (bakkemur) på Havrå. Foto: MUHO, Tove Mostrøm. Havrå

Opplev eit av Noregs best bevarte klyngetun

Bli med på ei unik omvising i eit historisk klyngetun og landskap der me fortel historia til den tradisjonsrike garden Havrå. Lær om tradisjonell matproduksjon og handlingsboren kunnskap. Garden vert driven på tradisjonell måte med tradisjonelle reiskapar. Gjennom praktisk arbeid syner Havrå korleis ein tidlegare nytta lokale ressursar.

Havrå er sett saman av åtte bruk, med ei blanding av offentlege og private eigarar. Garden er ikkje utskifta, og er eit såkalla spadebruk. Havrå har eigen skjøtselsplan for restaurering og drift av fem driftsområde med inn- og utmark.

 

Sjå filmen om Havråtunet

"Havråtunet" er ein dokumentarfilm som fortel om livet i det vesle bygdesamfunnet Havråtunet på Osterøy, slik det har vore levt i mange hundre år. Det er ei forteljing om tungt slit frå morgon til kveld, heile året igjennom, om vanskar i strida for tilværet og om menneske som aldri sparar seg i arbeidet sitt. Men samstundes er det ei skildring av ei kulturform som byggjer på eldgamle tradisjonar. Filmen er ei unik skildring av eit særeige norsk klyngjetun og blei oppteken i 1949-50