Hopp til hovedinnhold

Omvising på Havrå

Bli med på omvising i eit av Noregs beste bevarte klyngetun. Folk har budd og drive jordbruk på Havrå sidan bronsealderen

Bli med på ei unik omvising

Bli med på ei unik omvising i eit historisk klyngetun og landskap der me fortel historia til den tradisjonsrike garden Havrå. Lær om tradisjonell matproduksjon og handlingsboren kunnskap. Garden vert driven på tradisjonell måte med tradisjonelle reiskapar. Gjennom praktisk arbeid syner Havrå korleis ein tidlegare nytta lokale ressursar.

Praktisk info

Me gjer merksam på at Museumssenteret i Hordaland kun eig 2 av dei 8 bruka. Resten er i privat eige. Difor er det ikkje ynskjeleg å gå på eigenhand, og det er ikkje lov å gå inn i hus og løer utan ein omvisar.

Billettar til omvising må kjøpast på førehand, tunet er ikkje tilgjengeleg utan billett. Påmelding stengar fire timar før omvisinga startar.

Museum24:Portal - 2024.10.21
Grunnstilsett-versjon: 1