Hopp til hovedinnhold

Historie og samlingar

Ådnatun museum vart grunnlagd i 1933 av Lars Ådna. Han var aktiv i dei lokale historie- og mållaga og ville at Ådnatun skulle vere ein samlingsplass for fornminne i dei næraste sokna. Dei fleste av bygningane er reist av Lars sjølv, to av husa er nytta som bustad og Lars budde sjølv her med kona Kari til han døydde i 1971. Lars og Kari hadde ingen barn, og testamenterte eigedomen til Arna Sogelag.

Laget har med stor dugnadsånd teke vare på og sytt for aktivitetar i Ådnatun i samarbeid med andre frivillige lag og organisasjonar i Arna. I 2011 vart det oppretta ei samarbeidsavtale om drift med MUHO, men Arna Sogelag står framleis som eigar og har eigne aktivitetar i museumstunet.

Samlingar

I den faste utstillinga finn du skulestova, apoteket og skomakarverkstaden, med bruksgjenstandar frå nærliggjande jordbruksbygder. Dei fleste av gjenstandane er frå før andre verdskrig, som arbeidsreiskapar og innbu. Det er òg ei tekstilsamling av brukstekstilar frå Ådnatun, denne inneheld både klede og broderi. 

  • Frå Ådnatun i Indre Arna
    1/3
  • Frå Ådnatun i Indre Arna
    2/3
    Osterøy museum
  • Frå Ådnatun i Indre Arna.
    3/3
    Osterøy museum
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1