Samlingar

Slik bygde strilane

Museumstunet fortel om byggeskikken på strilelandet, med røykstover og lemstover, loft, eldhus mura i stein, og ei grindbygd løe med brakekledning. Til samlinga høyrer også to kvernhus som står sin på opphavlege plass. Det mangfaldige næringslivet på Osterøy er representert med to garveribygningar: Barkhuset på Brakvatne og Garverimuseet på Valestrand. Vi har også to smier: Gjerstad Låsfabrikk frå 1880-åra og Mjedlasmia i Mjeldalen – ei bygdesmie frå 1917. Skulehistoria er representert ved den gamle skulestova frå Kleiveland.

  • museumsbygningar i solnedgang om hausten (Foto/Photo)
    Osterøy museum
  • bygningar i museumstun (Foto/Photo)
    Osterøy museum
  • bygningar i museumstun i sollys (Foto/Photo)
    Osterøy museum
  • Bløddalssmia på Osterøy (Foto/Photo)
    Osterøy museum
  • bygning med steinmur og brakekledning (Foto/Photo)
    Osterøy museum

Eit rikt kjeldemateriale

Osterøy museum har gjennom 100 år samla inn, dokumentert og tatt vare på kulturhistorisk kjeldemateriale frå Osterøy og bygdene ikring. I dag er samlingane våre samansett av om lag 18 000 kulturhistoriske gjenstandar, over 7 000 historiske foto, 750 hyllemeter privatarkiv og 22 bygningar.

Museet har hatt fokus på handverk og småindustri, og har i dag ei flott samling av mellom anna åkle, draktutstyr, verktøy til bygningshandverk og husgeråd frå tida mellom 1600-talet og i dag.

Privatarkivsamlinga ved Osterøy museum kjem frå ei stor breidde av bedrifter og privatpersonar. Garveri, møbelfabrikkar og meieri har sett sine spor på Osterøy og er sterkt representerte i arkiva våre. Lagsaktiviteten er også godt dokumentert gjennom arkiva etter dei fleste ungdomslaga på øya, Osterøy idrottslag, og mange fleire lag og foreiningar.

Vi arbeider blant anna med:

  • Oppstadvev
  • Borgund-prosjektet: rekonstruksjon av historiske tekstilar
  • Tida vi har – tida det tar (blir avslutta i 2021)
  • Treskoverkstaden
  • Garveri
  • Pelsdyr
  • Åkle frå Nord- og Midthordland: eit dokumentasjon- og bokprosjekt
  • Folkedrakt- og bunadstradisjon i Nordhordland