Hopp til hovedinnhold

Den vanskelege reisa

I utstillinga "Den vanskelege reisa – utan koffert, men med mykje bagasje" fortel migrantar i vår tid om reisa si til Noreg.

Amerikakoffert eller Europabag – kva tok dei med seg? Å forlate heimlandet sitt, frå familie, vener og heimstad, men også frå svolt, fattigdom, naud eller krig er ei vanskeleg avgjerd, og krev stort mot. Vestnorsk utvandringssenter har saman med Flyktningetenesta i Radøy gjennomført eit prosjekt og utfordra nyinnflytta radværingar til å fortelje om si reise. Kva tok dei med seg, og korleis var det å forlate heimlandet sitt?

Medan dei norske utvandrarane pakka amerikakoffertene sine med utvalde minner og naudsynte ting, mat og klede, har migrantane i dag som oftast berre med seg dokumentasjonspapir og mobiltelefonar fylte med informasjon, bilete og minne, og ingen bag med til Europa.

Vi fekk åtte flyktningar til å vere med nokre korte, men intensive dagar, og fekk dei til å lage ei digital forteljing om noko som var viktig for dei i samband med si reise. Dei skreiv sjølv forteljinga på norsk, las ho inn, fann eigne bilete og sette det saman til enkle og korte filmar. Det har vorte fortellingar om sakn, om redsle, om ønske om å vere trygg, og om ei betre framtid. Dei fortel om ting som er vanskeleg for seg, som vekkjer mange kjensler i dei, og dei skriv fortel på eit språk som er nytt for dei.

Kvar film er unik. Kvar film har si eiga historie. Kvar film er rørande.

  • Fortellinger om migrasjon, utstilling i Rådhuset
    1/1
    Utstilling i Rådhuset
Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 1