Hopp til hovedinnhold

Om oss

Vestnorsk utvandringssenter er eit friluftsmuseum med bygningar sett opp av norskamerikanarar i USA og flytta til Noreg. Her finn du Emigrantkyrja, skule, legekontor, bustadhus, rådhus og fengsel. Vi fortel om den store norske utvandringa til Amerika, og om utvandring, innvandring og kulturmøte i vår eiga tid.

Få perspektiv på dagens migrasjon

Vestnorsk utvandringssenter er ein ekte norskamerikansk prærielandsby, som er flytta frå USA til Sletta på Radøy. Alle bygningane er reiste av norskamerikanarar i Minnesota og Dakota i perioden frå 1860–1920, der dei var i bruk i mange år. Tidene endra seg, og mot slutten av 1900-talet stod bygningane tomme. Så vart dei gjevne som gåver tilbake til Noreg.

På Utvandringssenteret får publikum lære om korleis det var for norske emigrantar som innvandra til Amerika, samstundes som vi trekk parallellar til kulturmøte i vår tid. Arbeidsinnvandrarar, flyktningar og andre innvandrarar som kjem til vårt land, har med seg delar av sin kultur og tilpassar seg vårt samfunn.

Bygningane på Sletta vart plukka frå kvarandre på dugnad og sende med skip over Atlanteren, der dei vart reist opp att på Sletta, og frivillig bygde opp Utvandringssenteret.

I 2010 vart drifta av Vestnorsk utvandringssenter overtatt av Museumssenteret i Hordaland, som vil vise og fortelje kva folk reiste frå i Noreg, og kva dei reiste til i Amerika. Sjølv om dei berre hadde nokre få gjenstandar med seg i ein amerikakoffert, var likevel den norske kulturen med på flyttelasset.

I tillegg til ordinære omvisingar i sommarsesongen arrangerer vi ulike arrangement gjennom heile året.


Som så mange andre museer har også Vestnorsk utvandringssenter ei eigarstifting som eig sjølve anlegget, medan vi som del av MUHO driv museet. 

Vi har også ein aktiv, flott og viktig gjeng frivillege som vert organisert av eit styre i Utvandringssenterets venner. 

Kontakt oss

Besøksadresse (NB! ikkje postadresse!):

Vestnorsk utvandringssenter
Hellandsvegen 541
5939 Sletta
Norway

Administrasjon

Museumssenteret i Hordaland
Vestnorsk utvandringssenter
Kveldheim
Salhusvegen 203
5107 Salhus

Telefon: (+47) 55 25 10 80
Mobil: (+47) 917 12 961
Epost: vestnorsk.utvandringssenter@muho.no

Avdelingsleiar: Lena Eikeland Kutschera

Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1