Hopp til hovedinnhold

I utvandrarane sine fotspor

Kulturløypa er ein hyggeleg tur som du kan gå på eigahand i området rundt Sletta. Samstundes vandrar du i fotspora til dei som drog ut og busette seg i Amerika for om lag 100 - 130 år sia. Utvandrarane kom også tilbake til Sletta og sette spor etter seg i form av bygningar som framleis står.

Turen tek rundt 1 time, og går langs minimalt trafikkert veg. Dermed egner den seg fint til fots, på sykkel, med barnevogn, rullestol og andre rullande framkomst midlar.

Her kan du laste ned kart og eit oppgåveark, eller du kan sjå vidare ned i nettsida.

  • Kart til kulturløype
    1/1
    Kulturløype på Sletta

1 Emigrantkyrkja er den demonterte og atterreiste Brampton Lutheran Church frå prærien i USA. Opphavleg bygd av norske emigrantar som slo seg ned i Nord-Dakota like før og etter førre århundreskiftet. Den blei gitt som gåve til Sletta, demontert på dugnad, frakta til Noreg, og vigsla av biskop Ole D. Hagesæther 6.juli 1997

2 Ananias R. Mellingen. Reiste ut i 1904. Kom tilbake og bygde hus i 1910. Fleire reiser, kom heim i 1928, bygde løa (som står framleis) ferdig i 1931

3 Det gamle skulehuset. Har vært både butikk og kafé i samme bygg. I dag privathus

4 Kaien. Her la postbåten til med brev frå Amerika. Det låg og eit meieri her, saman med eit ishus til meieriet og legekontor i 2.etg.

  • Hus på Sletta i kulturløype
    1/2
    Lena Eikeland Kutschera
  • Meieriet på Sletta kai
    2/2
    Lena Eikeland Kutschera

5 Johan Ystebø. Reiste ut i 1890. Kom tilbake før 1897. Familien budde i løa, (det framste huset) mens dei bygde hus. Dei bygde det nye huset utanpå det gamle (bakre huset)

6 Ananias Ystebø, bror til Johan drog ut i 1892. Kom tilbake og bygde bureisingsbruk med ny våning, smie og løe. I dag er hus og løe vekke. Smia står framleis

7 Husmannsplassen Ystebøtræet frå slutten av 1800-talet. Under same tak ligg stove og løe. Stova er lafta og løa er grindbygd - ein klassisk kombinasjon. Husmannen her hadde nokre få mål jord og dreiv litt fiske i tillegg; eit lite, spartansk anlegg kring knappe ressursar. Dette vesle samanbygde huset er nok ikkje bygd på pengar frå Amerika, men er snarare eit døme på hus ein flytta frå.

  • Husmannsplassen Ystebøtre på Sletta
    1/1
    Lena Eikeland Kutschera

8 Kjelde, brønn med steinhus over. Høyrde til garden over vegen, men er lite i bruk i dag.

9 Tjern. Her blei det henta is med hest og slede til meieriet sitt ishus på kaien. Dette var organisert pliktarbeid for bøndene.

10 Magnus Larsen si stove. Omstreifaren Magnus kom til Sletta med båt og blei fort kjent med folket der. Gjorde mykje blikkarbeid for andre, men vart også kjend som ein slåstkjempe. Ein dag ville han bli kristen, han følte han hadde øydelagt livet sitt og ville gjere noko med det. Han fekk låne bukse av Anton på Renen, som gjekk saman med Magnus til bedehuset. Seinare blei han predikant og song skrivar. Budde her med kone og steson, og stesonen blei seinare kjend som Silke-Fredrik i byen.

11 August Ystebø utvandra i 1891 rett etter konfirmasjonen. Kom tilbake for godt i 1910 og bygde ei løe som vart ferdig i 1912 (står framleis og kan sjåast frå vegen) August var inspirert av skogsarbeidet i ”Ville Vesten”. Han dreiv med nydyrking og planta 35 dekar granskog i utmarka.

12Olaf Ystebø, bror til Johan (5) og Ananias (6) Kjøpte garden ”Haugen” på auksjon i 1904. Han hadde tidlegare reist til Amerika og kjøpte garden mest sannsynleg kontant. Reiste fleire gonger til Amerika for å arbeide som skogsarbeidar og gardbrukar, men var også sjømann.

  • Snø på vann på Sletta
    1/1
    Lena Eikeland Kutschera

13 Bedehus. SOAR, Indremisjonen. Bygd i 1923. Tomta blei kjøpt av brørne Ananias, Johan og August Ystebø, som eigde den fram til 1941. Byrja som ei frikyrkjelyd. I dag privateigd.

14 Bedehus. Betel, Pinserørsla. Blei bygd på samme tid som SOAR. På Sletta hadde innbyggjarane ein felles vekking i skulehuset (nr.3) fram til presten sate foten ned. Tomta til Betel blei stilt til disposisjon av Magnus Mellingen, ein gamal offiser. På Sletta blei møta delt mellom bedehusa. Søndagsskulen høyrde til Pinserørsla, medan ein ofte hadde gravferda i det eine bedehuset og møte i det andre.

15 Prærielandsbyen. Husa på prærien er originale frå Amerika og blei flytta hit på same tid som kyrkja. Prærielandsbyen består av skulehus, lærarbustad, legekontor, nybyggjarstove, fengsel og rådhus. I sommar sesongen har vi omvisningar, vi og tek i mot grupper heile året.

  • Bedehus på Sletta
    1/1
    Lena Eikeland Kutschera
  • 1/1
Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1