Myosotis - konsertprogram

Gamle tonar, måla med roser, “Forglemmegei” på svart-kvit botn.

Myosotis er eit konsertprogram bygd over religiøse folketonar frå Vestland. Inger-Kristine Riber har bearbeidd folketonane med ei fargerik og mangfaldig klangverd for kveding, cello og piano. Musikarane har bakgrunn som strekk seg over fleire sjangrar, og framfører folketonane med sine særtrekk i nye inspirerande kombinasjonar.

Billettar kr 200,-

  •  (Foto/Photo)
    1/1

Med atterhald om endringar. 

Me fylgjer til ei kvar tid retningslinene til styresmaktene og det kan på kort varsel verta fleire tilgjengelege billettar. Skulle me måtte avlyse ein eller fleire konsertar grunna covid-19 vil kjøpte billettar bli refundert.

TRYGT KONSERTBESØK

Me fylgjer styresmaktene sine føreskrifter og retningsliner for å skapa eit sikkert miljø for publikum og medverkande. Når du vitjar konserten ber me deg om at du:

  • Held god avstand til andre vitjande 
  • Fylgjer retningslinene for inn- og utgang
  • Er nøye med hand- og hostehygiene
  • Ikkje ta del om du har luftvegssymptom eller sit i karantene.


Ein bør rekne noko meir ventetid ved innslepp til konserten enn vanleg, og me tilrår å møte opp min.  20 min før konserten startar. Me ynskjer deg ein god konsert og me gler oss til å sjå deg! 

Restriksjoner

Sittekonsert. Unummererte setar. Grunna smittevern vert publikum tildelt setar ved ankomst. Det lønar seg dirfor å kome i god tid. Alle publikummarar vert plassert med minimum 1 meter avstand mellom seg og neste person gjennom heile arrangementet uavhengig av om ein er frå same husstand eller ikkje.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert berre refundert ved avlysing av konserten. Kjøpte billettar kan dessverre ikkje endrast. Med atterhald om trykkfeil og endringar.

  •  (Foto/Photo)
    1/1