Hopp til hovedinnhold

Quiltehistorier - historier om quilt - ULLVEKA

I årets Ullveka trekk vi fram quilting. Vi fortel historier om quitemønstre, og korleis minner vart sydd inn i mønstre og mønstre har historier.

Crazy quilt frå Nybyggarstova

I samlinga vår på Vestnorsk utvandringssenter har vi ein såkalla Crazy quilt, laga av ei av dei som budde i Nybyggarstova frå Minnesota, som vi no har på Sletta. Carazy quilten har si historie, og det same har mange av dei andre quiltemønstra vi kjenner til, som log cabin, oregon trail og morning star. 

Men, quilt er ikkje berre mønstra, og er eigentleg teknikken som gjer teppa og tekstila tjukke og stødige, nemleg vatteringa, og den kan gjerast i ull. 

Sjølve tekstilane som er nytta var ofte restar og gamle utslitte klede, og var dermed ein særs bærekraftig måte å bruke tekstilane på, og var god ressursbruk og gjenbruk. 

I tillegg kunne også desse brukte tekstilane bere i seg også andre moment, som minner og historier, slik at det nye teppet eller tekstilen kunne fortelle ei heil historie i seg sjølv, ved å sjå og gjenkjenne det eine stoffet eller mønsteret, kunne ein hente fram minner om personar eller hendingar, som den kjolen til konfirmasjonen, den første jobben, eller bestemor sin kåpe som vart nytte til høgtider, men som etterkvart vart for slitt til å kunne nyttast. 

I Ullveka inviterer vi til ein koseleg og interessant stund med kafe og tema quilt. Vi finne fram quiltehistorier og fortelle historier om quilt i Kafé Emigranten. 

Onsdag 4. oktober kl 18

Billettar kr 125 ( inkl avgifter) 

Kjøp gjerne førehandsalg her


Vi er eit Biosfærearrangement!

Vi legg vekt på berekraft, gjenbruk og god og lokal ressursutnytting. Kafe Emigranten er også ein viktig sosial møteplass for lokalsamfunnet.

Vi er stolte over å kunne kalle oss et arrangement i Nordhordland UNESCO Biosfære

  • Logo arrangement i Nordhordland UNESCO Biosfære
    1/1
    Vi er stolte over å kunne kalle oss et arrangement i Nordhordland UNESCO Biosfære
Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 1