Hopp til hovedinnhold

Steinalderlandsbyen i Fosnstraumen

Steinalderbuplassane har lagt tett på begge sider av den fiskerike Fosnstraumen, ein av dei beste fiskeplassane langs kysten av Hordaland. Det er maten, havet sine ressursar, som har drege folk hit gjennom mange tusen år. Det høge talet på buplassar, og det at så mange av buplassane er frå same periode, gjer at området vert kalla «Steinalderlandsbyen ved Fosnstraumen».

Fosnstraumen har vore busett heilt sidan dei fyrste menneska kom padlande til skjergarden vår for meir enn 11.000 år sidan.
Utan migrasjon hadde det ikkje vore folk i Noreg. Sidan har det vorte fleire innvandringsbølgjer og kulturelle impulsar gjennom dei mange tusen åra steinalderen varte.

  • 1/1
    Film med rekonstruksjon av steinalderbuplass og aktivitetar

Reidskap i steinalderen

Fleire av steinalderbuplassane ved Fosnstraumen var svært store, noko som tyder på at folk budde der meir eller mindre fast, og at dei jakta og fanga fisk året rundt. Heilt bufaste var dei likevel ikkje, og dei har heilt klart reist langt for å få tak i råstoff til både økser og pilspissar.

Dei fleste øksene er laga av grønnstein fra Hespriholmen ved Bømlo eller diabas frå Stakaldeneset ved Florø. Anten drog dei sjølve for å hente råstoff eller så handla dei til seg grovhogde emner eller ferdige økser. Til Sunnfjord drog dei også for å henta sandsteinsplater som vart brukte til sliping av berartsøkser, pilspissar av skifer og fiskekrokar og harpunspissar av bein.

Ved overgangen til yngre steinalder var det også vanleg å lage pilspissar av rhyolitt henta frå toppen av fjellet Siggjo på Bømlo. Seinare i yngre steinalder, for kring 4000 år sidan, gjekk reisene endå lengre og dei oppretta kontakt mot folk som dreiv med jordbruk lengre sør i Skandinavia Kunnskap om keramikk og tilgang på masseproduserte økser av flint fekk dei gjennom desse nettverka.

Det var langt å reisa nesten 20 mil med båt for å få tak i stein. At dei likevel gjorde det viser kor viktig skikkelege råvarer til å laga reiskapar til jakt og fiske var for å overleva.

Pil og boge vart nytta til jakt. Pilspissane laga dei av kvasse steinsorter som flint, kvarts og rhyolitt, eller dei slipte dei til av skifer og bein. Til fiske nytta dei harpunar til å fanga flatfisk, og krokar og fiskesøkke for stongfiske og snørefiske frå båt. Både harpunar og krokar var laga av hjortebein, medan søkka var av kleberstein, som var svært lett å forma. Klebersteinen fann dei truleg lokalt.

Alle desse reiskapane laga dei sjølve på buplassane, der arkeologane finn spor etter både hogging av stein og splitting og sliping av bein. Skinnskraparar av stein viser at dei garva skinn til blant anna klede, og tverrøksene bruka dei til utholing av trekar og stammebåtar og til anna trearbeide. Flintknivar var ikkje like godt egna til å spikke med som moderne stålkniver, og ein brukte sikkert mer øks selv til finarbeide.

Steinalderlandskapet

I den eldre steinalderen var havnivået ved Fosnstraumen 10-15 meter over dagens havnivå. Når me skal sjå for oss korleis det såg ut i området på den tida, må me difor tenka at sjøen stod langt høgare og dei stadene det er funne buplassar, den gongen låg nesten heilt i sjøkanten.

Også vegetasjonen i steinalderen var annleis enn i dag. Området var den gongen dominert av skogar av lauvtre som bjørk, rogn, vier og ein del furu. Seinare i steinalderen var det mest eikeblandingsskog, fram til dei mot slutten av steinalderen byrja å svi og brenna skogen for å få fram kystlyngheier som dei kunne bruka til beite for husdyr. På Ramsvikneset på Radøy-sida er det framleis lauvskog, og der kan me få eit inntrykk av korleis vegetasjonen var i steinalderen.

Sjå animasjon om havnivået ved Fosnstraumen i steinalderen .

  • 1/1
    Animasjon av strandlinje i Kotedalen

360 filmar - sjå deg rundt i filmar

Videoene gjer det mogleg å å endra perspektiv i videoane du finn ved å følge lenken i dei fire bileta under.

  • Gjennom bearbeiding av ulike steinmaterialer fekk ein reidskap. Bli med, høyr og sjå meir av dette i filmen.
  • I filmen kan du sjå ei steinalderøks i bruk, og høyre om vegetasjonen i steinalderen.
  • Sjølv om det ikkje er gjort funn av båtar frå steinalderen, veit vi at dei må ha hatt sjødyktige båtar. Ein ser for seg at båtane var laga omtrent som inuittane sin umiak, nærast ein slags kano. Bli med på padletur og sjå deg rundt.
  • Steinalderfolka ferda mest på sjøen, og sette gjerne opp telt eller små hytter nær sjøen. Høyr meir om buplassane deira i filmen, og sjå deg gjerne rundt inne teltet.

Bruk musa på PC, fingrane om du har berøringsskjem, eller mobilen eller nettbrettet, om du brukar det. NB: Du må nytta ein nettlesar som støttar 360-graders visning. Dette gjeld Chrome, Firefox, Opera, Edge eller Safari (versjon 11.0.2 eller høgare

fosnstraumen.no

Prosjektet  er eit samarbeid mellom Alver kommune, Austrheim kommune, Vestland fylkeskommune og Vestnorsk utvandringssenter, MUHO. 

-

Det er tilrettelagte stiar på begge sidene av Fosnstraumen. Her kan du vandra i steinalderlandsskapet og læra meir om denne spanande perioden i vår historie.

Museum24:Portal - 2024.11.12
Grunnstilsett-versjon: 1