Hopp til hovedinnhold

Sympathetic resonance - konsert

Med samspel og improvisasjon som fundament tolkar dei musikk på tvers av landegrenser. Dei brukar musikken som møtepunkt for ulike kulturar, her representert ved USA, Noreg og Russland.

Sympathetic Resonance er ein trio som består av Sergei Tchrikov (trekkspel), David Gabriel Hebert (trompet, vokal) og Ole Øvretveit (gitar).

Konsert torsdag 24. november kl 19.00

Kjøp billettar på førehand, eller i døra

Det er betre å bygge bruer enn murer.

Sympathetic resonance

Billettar

Kjøp billettar på førehand, eller i døra. Dørene opnar kl 18.30


  • Sympathetic resonance - trio, trompet, trekkspill og gitar
    1/1
    Sympathetic resonance - trio, trompet, trekkspill og gitar

Samarbeid over grenser: USA - Norge - Russland

Ein okkupasjonskrig i Europa og vesten ville de fleste av oss for berre kort tid sidan ikkje tenkt var mogeleg. Men den er her, og tiår med samarbeid over grenser blir avvikla, kanskje for godt. Samarbeid mellom Russland og vesten er ikkje mogeleg i dag. 

Det er mogeleg å nytte kultur og musikk til å forstå vår felles og ulike historie, natur og kulturtradisjon. 

Det er mogeleg og fokusere både på dei mørke og lyse delar av historia. 

Det er og mogeleg å sette søkelys på dei positive effektane av samspel, kultursamarbeid og gjensidig forståing mellom gode krefter over grenser. 

Det er betre å bygge bruer enn murer. Dette er utgangspunktet for prosjektet vårt - oppfatninga av kunst og særskilt musikk er  møtepunkt for ulike kulturar, representert ved USA, Noreg og Russland.

Sympathetic Resonance er ein trio:

·      Sergei Tchrikov -  frå St. Petersburg, Russland, har trekkspill som hovudinstrument og forskar på samspel ved Grieg-akademiet. Sergei har i si korte tid i Bergen gjort seg bemerka som ein sterk kritikar av Russisk aggresjon og som musikkaktivist på ei rekke konserter mot krigføringa.

·      David Gabriel Hebert er professor i musikologi ved HVL med trompet og vokal som hovudinstrument. Han er opprinneleg frå Seattle, USA og har ved sida av ei brei karriere som utøvande musikar ei rekke bøker og publikasjonar bak seg.

·      Ole Øvretveit er norsk gitarist, produsent og statsvitar. Øvretveit har en bakgrunn frå kultur- og vitskapssamarbeid over landegrenser og frå musikk langs dei blå bredder.

Høyr smakebit

  • 1/1

Miljøvennleg samspel

Med samspill og improvisasjon som fundament vil dei tre tolke musikk på tvers av landegrenser, epokar, tema, kultur og natur frå det kalde Arktis i nord til elvene som renner ut i Svartehavet og Mexicogolfen i sør. Som ein liten akustisk trio er Sympathetic Resonance ein enkel og fleksibel produksjon som har særs lågt karbonavtrykk.

Sjå deira eigen omtale  Sympathetic resonance

Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1