Ull på Prærien i Ullveka

Ull på Prærien, høyr om rokken, Amerikakofferten og den tekstile kunnskapen. I kafeen Emigranten fletter vi golvmatte av restematerialar.

  •  (Foto/Photo)

Ull på Prærien - høyr om rokken, Amerikakofferten og den tekstile kunnskapen som var med i bagasjen då over 800 000 nordmenn og kvinner utvandra til Amerika.

I Emigranten, dvs kafeen og det sosiale rom i kyrkjekjellaren går praten vidare, og du kan starte på fletting av golvmatte, som lages av restematerialar. Vi fletter inn gamle stoffer, klede og gode minner, slik norsk-amerikanarane gjorde i husa på prærien.

Meir informasjon om påmelding mm kjem snart. 

ULLVEKA er ei festveke med ull i fokus. Programmet er variert og vil ha tilbod for både born, unge og vaksne. Her kan ein møte ullentusiastar frå heile verdikjeda - frå bonde og produsent til handverkar og formidlarar. Ullveka`21 ønskjer å inkludere alle frå nybegynnarar, skapstrikkarar, tovekunstnarar til erfarne og glade ullnerdar.  

Sjå heile programmet for ULLVEKA


  • Sauefeller og korger med tekstiler (Foto/Photo)
    1/4
  • Flettematte (Foto/Photo)
    2/4
    Lena Eikeland Kutschera
  • Flette tekstil (Foto/Photo)
    3/4
    Lena Eikeland Kutschera
  •  (Foto/Photo)
    4/4