Utvandringsfestivalen 2022 Fredagskveld i Saloonen

Spestig brasskonsert i Saloonen
MANGER ALL STARS BRASS KVINTETT

Fredag 1. juli kl 19 i The Plain Saloon på Sletta, Utvandringssenteret

  •  (Foto/Photo)
    1/1

Spenstig og variert repertoar

Manger All Stars Brass Kvintett har sitt utspring frå Manger musikklag. Medlemene har og har hatt solostemmer og spelt saman over lengre periodar i Manger musikklag. No er dei samla saman i eit musikalsk fellesskap som brasskvintett. Repertoar er lett og underhaldande men også innslag av meir seriøs karakter som er skrive særskilt for ensembeltypen. Musikarane er erfarne og og saman har dei god musikalsk kjemi som fører til musikk framført med stor stilistisk tryggleik. Ensemblet brukar kornett og euphonium og tilnærmer seg repertoaret med ein god brassband forankring. Musikarane har også spelt i ensemble med rytmisk musikk og har denne tilnærminga med seg i framføring av lettare underhaldningsmusikk.

Du kan du forvente: Framføring i sikker stil, klanglig handtert og godt samspel. 

Manger All Stars Brass Kvintett:
Rune Gundersen (kornett), Atle Ove Bruknapp (althorn), Kjetil Morken (kornett), Helga
Vetås (euphonium), Ståle Sleire Johansen (tuba)

Denne fredagskvelden stepper Gunleik Urfjell inn som vikar på tuba.


Fredag 1. juli kl 19 i The Plain Saloon på Sletta, Utvandringssenteret

Sjå meir om kvintetten på Manger-All-Star-Brass-Kvintett på Facebook

  •  (Foto/Photo)
    1/1