- 1/2
- 2/2
I juni var det 25 år sidan den første flyttegruppa reiste til USA og demonterte Emigrantkyrkja. Pga Corona blei markeringa utsett fleire gonger. Vi vil difor leggja markeringa til 2. juli 2022 som del av Utvandringsfestivalen sitt 25 års jubileum. Målet med dagen er at også nye generasjonar skal få kjenskap og eigrskap til Utvandringssenteret.
I 2022 er det Frivillighetens år, dei frivillige bygga opp og dreiv Vestnorsk utvandringssenter frå 1997 til 2010, og etter 2010 har Utvandringssenterets venner er og har vore sentrale i støtte og innsats for Utvandringssenteret, ikkje minst i samband med den årlege Utvandringsfestivalen.
Laurdag 2. juli i Frivillighetens år 2022 vil difor verte VÅR DAG, og ein dag som vi arrangerer i samarbeid med Utvandringssenterets venner, og for å ære dugnadsfolket som har stått på gjennom alle desse åra, og kan hende rekruttere nye frivillige.
- 1/2
- 2/2
- 1/2
- 2/2