Hopp til hovudinnhald

Vågespel

Vi avslutter årets Utvandringsfestival med premiere på konsertframsyninga Vågespel.
Vågespel er ei konsertframsyning som gjev stemme til den norske kvinna som utvandra til Amerika. Bygd over autentiske brev, dagbøker og biografiar etter 8 kvinner frå Vestlandet vert forteljingane levandegjort gjennom folketonar, nyskriven musikk og resitasjon.

Vågespel er ei konsertframsyning som gjev stemme til den norske kvinna som utvandra til Amerika. Bygd over autentiske brev, dagbøker og biografiar etter 8 kvinner frå Vestlandet vert forteljingane levandegjort gjennom folketonar, nyskriven musikk og resitasjon.

Vestnorsk utvandringssenter
06. juli 2025
16.00 I Emigrantkyrkja

Om framsyninga
Dei steig om bord, ein etter ein, med ansiktet vendt framover, men med tankane fanga av det dei forlét. "Vågespel" er ei konsertframsyning som gjev stemme til den norske kvinna som utvandra til Amerika. Kvinna som bar historia med seg over havet, og som forma eit nytt liv i eit land ho ikkje kjende. Kvinna som skreiv brev heim, i von om å halde på røtene, medan ho tok steget inn i det ukjende.

Bygd over autentiske brev, dagbøker og biografiar etter 8 kvinner frå Vestlandet, vert forteljingane levandegjorde gjennom folketonar, nyskriven musikk og resitasjon, fletta saman frå ei tid då alt var i endring. Soga deira er historia om tap, men også om mot. Om lengt, men òg om nybyggjarvilje. Ei historie forma av havet, av reisene, av hendene som greip eit nytt liv og heldt fast ved det.

Historisk forankring og tematikk
Året er 2025, og me står ved eit jubileum: 200 år sidan dei fyrste organiserte utvandrarane forlet Noreg. "Vågespel" kallar fram liva til dei mange kvinnene som reiste, og let oss høyra stemmene deira. Ikkje som skuggar i ei mannsdominert soge, men som sjølvstendige forteljarar av si eiga vandring. I det nye landet venta eit anna språk, ein annan himmel, eit anna liv.

Musikalsk og scenisk uttrykk
Musikken i "Vågespel" rører seg mellom det nære og det opne, mellom folketonar frå heimlandet og dei nye lydane som venta på andre sida av havet. Elektroniske element, vokale teksturar og pianoklangar teiknar opp eit landskap av uro og forventning, av det som glir bort, og det som enno kan vinnast. Musikken, skriven av Inger-Kristine Riber, er ikkje berre ei råme kring forteljingane – den er sjølve reisa, lyden av noko som endrar seg.

Kunstnarleg team
Reidun Horvei, Ragnhild Gudbrandsen, Inger-Kristine Riber og Katherine Jane Hanson.

Museum24:Portal - 2025.03.18
Grunnstilsett-versjon: 2