Hopp til hovedinnhold

Samlingar

Samlingane våre er heile garden: i det ligg alt det materielle ein kan sjå, også kulturbiologisk kulturarv. Arbeidsmetodane våre er ein del av dette, og inngår i den immaterielle kulturarven på Havrå.

Klyngetunet Havrå

Dei fleste husa på Havrå ligg i tunet, og er samla i eit karakteristisk vestlandsk klyngetun. I tillegg er her kvernhus, naust, vårflorar, smalhus og utløer. Garden Havrå er delt inn i fem driftsområde med inn- og utmark:

  • Bødn og Udgjerdet: åkerdrift og slått.
  • Slåttna: utmarksareal. Her slo ein og henta ut ved og emne.
  • Markjæ: utmarksbeite for sau og kyr i sommarhalvåret. Her henta dei brakje til brensel, og løekledning. 
  • Skogen i Bergjet: eit stort, samanhengande område med haustingsskog. Både graset og skogen vart nytta til fôr, ved og emne. 

Unik reiskapskultur

Samlingane våre er knytt til reiskapane våre, både når vi lagar dei, men òg når vi nyttar dei. Det er ein tett samanheng mellom det materielle og immaterielle.

Restaurering av Skogen i Bergjet, Bødn og Markjæ er nokre av dei større prosjekta vi arbeider med. All restaurering er eit resultat av manglande drift og skjøtsel gjennom mange år. Målet er å få tilbake eit tidsbilete slik ein kan sjå det på Havråfilmen frå 1950.


Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1